Hornlue,[2] ladjo eller ládju, etter den nordsamiske nemninga ládjogahpir,[2][3] er ei tradisjonell nordsamisk kvinnelue med ein hornforma topp. Den høgreiste, framoverbøygde kammen er skore til av ein uthola trestamme, plassert på bakhovudet og trekt med fargerikt stoff som lua elles.
Hornluer er kjende frå nordlege delar av Sápmi frå kring år 1700 til 1900. Luetypen var særleg vanleg i austlege delar av Finnmark. Han var òg i bruk i finsk Lappland. Frå 1850-åra fordømde læstadianarane hovudplagget som eit «satans tegn»,[4] og lua gjekk ut av bruk i delar av Finnmark i løpet av hundreåret.
Nemningane ladjo, ládju[5] og laggjo[treng kjelde] kan visa til både hornet, altså trestykket inni, og til sjølve lua.[6] I dialektar i området frå Nesseby til Karasjok har ein òg kalla hornet fierrå[7] eller fierra,[8] og luar utan dette trestykket sluobmo.[9] Det austsamiske ládjogahpir kunne tidlegare òg skrivast laggjokâpper, eventuelt i kortforma laggjo, og på andre måtar.[6] Alternative nordsamiske nemningar er čoarvegahpir.[10]
Ladjo har òg blitt omtalt som konelue på norsk.[11] Eit sjeldnare namn er hjelmlue.[2]
På finsk kallar ein luetypen sarvilakki[12][13] og kuumukka («månebøy»),[11] på svensk hornmössa[14] og på engelsk horned cap.[15]
Hornlua minner om ei frygisk lue av fargerikt tekstil som er utstyrt med ein hornforma, uthola valk av tre inne i pullen. Hornet, som er trekt med stoff, gjev hovudplagget ein høg, krum kam som stig opp i nakken og over bakhovudet. Det har flat, brei topp med eit spisst nebb fremst og dannar ein baug- eller halvmåneforma krone øvst på hovudplagget. I tillegg blei luene pynta med dekorband, kniplingar og anna. Lua er staseleg, men kunne vera tung og upraktisk i bruk. Ho kunne hekta seg i greiner under sledekjøring, og det skal ha vore vanleg å slå eit skaut over i uvêr.[11]
Trestykket vart tradisjonelt laga av furu eller bjørk, og gifteferdige kvinner skulle sjølv skjera det ut til si eiga konelue.[5] Etter tilverking blei det trekt med skinn, og ytst med klede.[11] Hornet var holt, ope oppe og nede, og hadde eit ovalt tverrsnitt på 7–9 cm.[11] Hornet kunne òg vera av tøy og fylt med reinhår.[11] Hornlua blei sydd av raudt klede for gifte kvinner og blått eller svart for enker.[11] Inni hornet kunne det vera ei lita pute fylt med fjør. Der kunne kvinner ta vare på smykke på reiser.[16]
Ifølgje Skildring over Finmarkens lappar av Knud Leem frå 1767 var kvinneluene til samane på den tida vanlegvis sett saman av to delar; ein øvre på issen og i nakken, og ein annan som dekte hovudet elles. Før kvinnene tok på seg hovudplagget, samla dei håret i ein høg valk som dei dytta inn i den øvste delen som deretter blei stramma til med eit band og blei ståande som ein topp på lua.[11][17]
Fargar og design på samiske luer og kofter varierer mellom kjønn og ulike stadar og område.[18] Særleg hovudplagga kan ha store geografiske ulikheiter som viser kvar berarane kjem frå. I Noreg var hornluer stadtypiske for Finnmark.
Pietistiske læstadianarar fordømde likevel kvinneluer med «djevelsk horn» som unaudsynleg pynta,[1][4][19] og luetypen gjekk i stor grad ut av bruk blant samar i Norden, bortsett frå hjå enkelte austsamar.[1] I Kautokeino forsvann hornluer på 1850-talet, medan dei i Karasjok og lenger aust vart haldne på mykje lengjer.[18] Slike luer var i bruk vest til Øksfjord fram til siste halvdelen av 1800-talet.[3] Ei mindre hornlue blir framleis brukt austsamiske kvinner. Hornluene blei erstatta av hovudplagg med flat pull.
« | – Hvor Lederne droge frem gebærdede de sig med Myndighed og Voldsomhed og udbredte Skræk hvor de kom, saa at Mange ikke vovede at modsige og bleve tvungne til Taushed. Man skulde komme til Kirken i stygge Klæder og uden Bælte, – Tegn paa Sorg – Fruentimmernes Huer, der bagtil havde Formen af et afstumpet Krumhorn, skulde nu være flade og formede efter Hovedet, thi en Djævel sad i det hule Træstykke, som frembragte den krummede Form, o. s. v. Alt kom an paa den ydre Form. - | » |
I eldre tid skal ein òg ha brukt eit tilsvarande hovudplagg i Gudbrandsdalen.[11] Hornlue liknar dessutan på faldurinn i islandsk folkedrakt.[11] Austsamiske luer med oppbygde toppar og brei front kan dessutan minna om variantar av kokosjnik, tradisjonelle nordrussiske hovudplagg for kvinner, med ein tverrstilt halvmåne som ei slag krone.