Hundvin kyrkje | |||
Hundvin kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Hundvin | ||
Fellesråd | Alver | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Riksarkitektkontoret, typeteikningar[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 9. desember 1936[1] | ||
Kyrkjegard | Vigsla 1884 | ||
Sitjeplassar | 290[2] | ||
Hundvin kyrkje 60°40′31″N 5°12′57″E / 60.6752°N 5.2158°E | |||
Wikimedia Commons: Hundvin kyrkje |
Hundvin kyrkje står på Hundvin i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1936. Kyrkja vart sett opp etter typeteikningar frå Riksarkitektkontoret.
Før dei fekk kyrkja på Hundvin sokna folk i området til Lygra kyrkje. I 1884 vart det vigsla gravplass på Hundvin. Kyrkja vart bygd ved gravplassen i 1936.
Hundvin kyrkje er soknekyrkje i Hundvin sokn i Nordhordland prosti. Soknet vart skild ut frå Lindås sokn i 1998.