Mo kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Modalen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Mo | ||
Fellesråd | Mo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Johannes Arnesson Øvsthus[1] | ||
Innvigd | 11. juli 1883[2] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 220[3] | ||
Mo kyrkje i Nordhordland 60°48′56″N 5°48′08″E / 60.8155°N 5.8022°E | |||
Wikimedia Commons: Mo kirke (Modalen) |
Mo kyrkje står i kommunesenteret Mo i Modalen kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd 1882–83.
Arkitekt for bygget var Johannes Øvsthus frå Hosanger.
Det har vore kyrkje på Mo sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Mo-kyrkja nemnd i kjeldene er i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Mellomalderkyrkja har mest truleg vore ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei lafta kyrkje i 1593.[1] Den lafta kyrkja vart riven då dagens kyrkje var ferdigbygd 1883, og ho stod like nordom den noverande kyrkja.
Mo kyrkje er soknekyrkje i Mo i Nordhordland prosti. Ostereidet prestegjeld vart oppretta i 1967 av Ostereidet sokn som vart skild ut frå Hamre og Mo sokn som vart skild ut frå Hosanger prestegjeld. Før 1749 høyrde Mo sokn til Hamre prestegjeld.[4]