Jarl Magnus Riiber | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. oktober 1997 (26 år) Oslo |
Idrett | kombinert, skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2022 |
Jarl Magnus Riiber (fødd 15. oktober 1997) er ein norsk kombinertrennar frå Oslo, medlem i Idrettslaget Heming. Han vann to VM-gull under Ski-VM 2019 i Seefeld, eitt i individuell tevling, det andre som ankermann på det norske firemannslaget i 4 x 5 km lagtevling. Dessutan sikra han seg og Jan Schmid ein sølvmedalje i tomannsstafetten. Under Vinter-OL 2018 var Riiber med det norske laget som tok sølv i lagetvlinga.
I 2024 fekk han Holmenkollmedaljen.[1]