Just Roll Tape: April 26th, 1968 Studioalbum av Stephen Stills | ||
Utgjeve | 10. juli 2007 | |
Innspelt | Tidleg 1968 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 40:16 | |
Selskap | Eyewall/Rhino | |
Produsent | Stephen Stills | |
Stephen Stills-kronologi | ||
---|---|---|
Man Alive! (2005) |
Just Roll Tape: April 26th, 1968 | Pieces (2009)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Music Box | [1] |
Allmusic | [2] |
Rolling Stone | [3] |
Just Roll Tape: 26. april 1968 er eit demoalbum av Stephen Stills gjeve ut i 2007. Songane vart spelte inn under ei innspeling for Judy Collins i New York i 1968, då ho var ferdig med innspelinga si og hadde studiotid til overs. Stills betalte lydteknikaren sjølv for å la han spele inn ei plate med demoar. Men Stills gløymde lydbandet i studio og rekna med dei var gått tapt.
Då studio skulle leggast ned i 1978 vart musikaren Joe Colasurdo, som øvde der, fortalt av eigaren at han kunne ta alle lydbanda han ønskte før dei rydda ut av studioet. Etter å ha sett namnet til Stills på fleire boksar, tok Colasurdo vare på dei. Det tok Colasurdo 25 år å få lydbanda trygt attende til Stills. I 2003 fekk han kontakt med Graham Nash etter å ha møtt ein nær ven av Nash, Dan Curland som eigde Mystic Disc Record Store. Nash tok i mot lydbanda, gav dei vidare til Stills og oppfordra han til å gje dei ut.
Stills er den einaste musikaren på albumet. Han syng alle songane og speler akustisk gitar og dobro. «Treetop Flyer» er ikkje frå 1968-innspelingane.
Merk at datoen 26. april 1968 som står i albumtittelen ikkje er korrekt, sidan Stills då spelte med Buffalo Springfield i Arizona State Fairgrounds i Phoenix.[4]
Alle songar er skrivne av Stephen Stills, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Seinare innspeling | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «All I Know Is What You Tell Me» | 1:41 | |
2. | «So Begins the Task» | Manassas | 2:26 |
3. | «Change Partners» | Stephen Stills 2 | 3:14 |
4. | «Know You Got to Run» | Stephen Stills 2 (kraftig omarrangert). Og spelt som ein del av «Everybody I Love You» på Déjà Vu | 3:12 |
5. | «The Doctor Will See You Now» | 2:38 | |
6. | «Black Queen» | Stephen Stills | 3:06 |
7. | «Bumblebee (Do You Need a Place to Hide?)» | Som «The Love Gangster» på Manassas | 1:54 |
8. | «Judy» | Everybody Knows | 2:02 |
9. | «Dreaming of Snakes» | 1:45 | |
10. | «Suite: Judy Blue Eyes» | Crosby, Stills & Nash | 6:33 |
11. | «Helplessly Hoping» | Crosby, Stills & Nash | 2:11 |
12. | «Wooden Ships (Stills, David Crosby, Paul Kantner)» (Stills, David Crosby, Paul Kantner) | Crosby, Stills & Nash | 2:26 |
13. | «Treetop Flyer (Stills)» | Stills Alone | 7:04 |
Studioalbum |
|
---|---|
Samlealbum |
|
Konsertalbum |
|
Tilknytte artiklar articles |
|