Stills av Stephen Stills
Studioalbum av Stephen Stills
Utgjeve 23. juni 1975
Innspelt 1971-1975
Sjanger Rock
Lengd 38:19
Selskap Columbia
Produsent Stephen Stills, Bill Halverson
Stephen Stills-kronologi 
Down the Road
(1973)
Stills av Stephen Stills Stephen Stills Live
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]
Rolling Stone(negativ)[2]

Stills er eit studioalbum frå 1975 av den amerikanske musikaren Stephen Stills. Det var det tredje soloalbumet hans og det første han gav ut på Columbia Records.

Stills byrja å spele inn eit soloalbum i 1973 med arbeidstittelen As I Come of Age, og det var «nesten ferdig» i februar 1974.[3] Han kan ha spelt inn meir tidleg i 1974, men frå mai til desember var Stills oppteken med eit sameina Crosby, Stills, Nash and Young.[4] Stills fekk kontrakt med Columbia tidleg i 1975 og vende attende til dette albumet, som var «ei samling songar Stephen hadde arbeidd på dei føregåande åra», mellom andre «mange songar spelte inn for As I Come of Age».[5] Pianoet og trommespora av Stills og Ringo Starr for As I Come of Age var datert attende ti 1971,[6] medan «Turn Back the Pages» vart spelt inn i 1975.[7] Sjølv om «My Angel» vert tilskriven Stills og Dallas Taylor, og Stills kalla det ein «jam over fleire Dallas-rytmar»,[8] spelte Stills inn ein demo av songen i mars 1967, før han trefte Taylor.[9]

Innhald

[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Stephen Stills, utanom de andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Turn Back the Pages»Donnie Dacus, Stills4:04
2.«My Favorite Changes» 2:50
3.«My Angel»Stills, Dallas Taylor2:25
4.«In the Way» 3:35
5.«Love Story» 4:11
6.«To Mama from Christopher and the Old Man» 2:15
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«First Things First»Joe Schermie, Jon Smith, Stills2:10
8.«New Mama»Neil Young2:21
9.«As I Come of Age» 2:33
10.«Shuffle Just as Bad» 2:39
11.«Cold Cold World»Dacus, Stills4:38
12.«Myth of Sisyphus»Kenny Passarelli, Stills4:28

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]


Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Chrispell, James (2011). «Stills - Stephen Stills | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. januar 2019. 
  2. Scopa, Bud (2011). «Stephen Stills: Stills : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen den 29. mars 2009. Henta 21. januar 2019. 
  3. Dave Zimmer, Crosby, Stills and Nash, 2000, p.170.
  4. Zimmer, p.170-178.
  5. Zimmer, p.181.
  6. Stills LP sleeve notes.
  7. CD-heftet som følgde plateboksen CSN, 1991.
  8. Stills LP sleeve notes.
  9. Demoen finst i plateboksen Buffalo Springfield frå 2001, og er datert slik i heftet.