Den jyske halvøya med Sydslesvig (brunt), historisk ein del av Jylland, og Holstein (gult), ikkje ein del av Jylland, men ein del av den jyske halvøya.

Jydar (norrønt fleirtal jótar[1]) var eit germansk folk i Jylland i Danmark, og er òg dagens nemning for innbyggjarane der. Geografisk strekkjer halvøya seg frå Skagen i nord til Lübeck i sør, men i tidleg mellomaldar budde dei òg i Friesland i dagens Nederland.

Dei fleste kjelder om jydane stammar frå Beda, ein engelsk munk som på sjuhundretalet skreiv om fleire europeiske folkeslag. I Beda si skildring heiter det at jydane var ein av dei tre mektigaste germanske stammane. Dei andre to var saksarane og anglarane som budde i Saksland og Angeln. Saman gjekk desse tre til åtak på dei britiske stammane i Storbritannia på firehundretalet. Området som i dag er kjend som Kent blei då i fleire hundre år okkupert og folkesett av jydar.

Kjelder

  1. «jydar» i Nynorskordboka.