Kaperbåt eller kaperskip er ein privat, væpna farkost som driv sjørøveri med tillating frå si eiga regjering eller på oppdrag frå si eiga regjering, såkalla kaperfart.[1] Kaperbåtane var av veldig varierande storleik, frå 2 ½ til 50 lester. Bestykninga kunne variere frå ein til ti kanonar.
Under den store nordiske krigen (1709‒1720) der Danmark-Norge kjempa mot Sverige nytta begge partane kaperskip. I 1711 rusta ein ut fleire kaperskip i Fredrikstad, Drammen og Bergen. Særleg i Bergen blei det rusta ut fleire skip som var større og betre væpna. Dei største skipa hadde mannskap på 100-150 mann om bord, medan dei minste hadde 40‒50.[1]
I Noreg spelte kapertrafikken også ei stor rolle under krigen mot England frå 1807 til 1814, spesielt på Sørlandskysten. Ca. 70 kaperbåtar vart utrusta i Kristiansand. 450 skip vart kapra og tekne inn til Noreg i krigsåra, 300 av dei vart førte til Kristiansand.