Lest vart spesielt frå 1500- til 1800-talet bruka som mål for last eller lasteevne i skip. Ordet kjem via norrønt lest av lågtysk last. Ein lest kan vere eit rommål eller eit mål for masse, og storleiken på lesten varierer med kva for varer som vert lasta.

Ei jekt kunne gjerne føre 20 til 60 lester, mens mindre farbåtar kunne føre 6-16 lester.

Som mål for lasteevne vart kommerselest brukt frå 1600-talet, og kunne tilsvare 80 norske kubikkfot, dvs 2,47 m3 eller ei lasteevne på 5200 pund (frå 1769), dvs ca 2600 kg.

I ein avtale mellom Danmark-Noreg og Holland frå 1669 vart det slått fast at lasteevna til alle fartøy skulle målast i trelastlester eller kommerselester, alt etter fraktefarta dei gjekk i. 1 trelastlest skulle tilsvare 0,77 kommerselest. I praksis var tilhøvet meir varierande, og i snitt slik at ein trelast tilsvarte to tredjedels kommerselest.

Frå 1851 vart lasteevna målt i tonn. Ein reell kommerselest skulle tilsvare 2,08 netto registertonn.

Kjelder

Sjå òg