Karakaraer | |
![]() Gribbkarakara, Caracara plancus Foto: Doug Janson
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Falkefuglar Falconiformes |
Familie: | Falkefamilien Falconidae |
Underfamilie: | Karakaraer Caracarinae |
Karakaraer er ti fugleartar i fem biologiske slekter av rovfuglar i falkefamilien. Dei lever over store delar av Amerika. Utbreiinga av nordkarakara strekkjer seg så langt nord som til statane Arizona, Texas og Florida i USA.[1] Lengst sør lever brungumpkarakara på Falklandsøyane og Tierra del Fuego, like utanfor kysten av den sørlegaste spissen av Sør-Amerika.[2]
I motsetnad til falkane i Falco-slekta, same familie, er ikkje fuglane i dei fem aktuelle slektene raske luftjegerar, men er relativt langsame og ofte åtseletarar, eit unntak er raudstrupekarakara.
Karakaraer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Slekt Daptrius
Slekt Ibycter
Slekt Phalcoboenus
Slekt Caracara
Slekt Milvago