Kjerrsongarar
Myrsongar, Acrocephalus palustris Foto: Marek Szczepanek
Myrsongar, Acrocephalus palustris
Foto: Marek Szczepanek
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Kjerrsongarfamilien Acrocephalidae
Slekt: Kjerrsongarar Acrocephalus
Naumann & Naumann, 1811

Kjerrsongarar er ei biologisk slekt Acrocephalus av ca. 37 fugleartar i kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae, tidlegare plassert i songarfamilien. Artane er vanlegvis knytt til fuktige habitat. Artar i denne slekta som er godt kjente frå leveområde i Noreg er sivsongar, myrsongar og røyrsongar.[1]

Dei fleste kjerrsongarar[2] er brune eller beigefarga og ofte ljosare på undersida. Kroppsforma er lang med spist nebb og flat panne. Kjerrsongarar trivst stort sett i nærleiken av myr, i takrøyrskog og andre fuktige område. Songane varierer frå art til art, men mange kjerrsongarar, som myrsongar, imiterer andre artar. Songane er ofte ganske lite føreseielege, og nokre artar kan vere vanskeleg å identifisere ut frå læte. Mange artar har ein flat hovudprofil, som gjev opphav til det vitskaplege namnet på slekta.

Mange er trekkfuglar og artar som hekkar i tempererte område hekkar sterkt sesongmessig.

Den mest gåtefulle arten i slekta, stornebbsongar, Acrocephalus orinus vart gjenoppdaga i Thailand i mars 2006. Han er omtala som «verdas minst kjente fugl»[3] og var kjent frå berre eitt tidlegare funn, i 1867.[4] Han vart òg funnen i Wakhan-korridoren i Afghanistan sommaren 2009.[5]

Artslista

Acrocephalus-kjerrsongarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

Kjelder

Referansar

  1. Norgeslisten hos NOF
  2. Namn frå Svensson et al
  3. Birdlife International, World's least known bird' found breeding in Afghanistan 15.januar 2010, arkivert frå originalen 4. mars 2013, henta 17. oktober 2010 
  4. BirdLife International (2010) Species factsheet: Acrocephalus orinus., arkivert frå originalen 7. juli 2010, henta 17. oktober 2010 
  5. Timmins, Robert J.; Mostafawi N.; Rajabi A. M.; Noori H.; Ostrowski S.; Olsson U.; Svensson L.; Poole C. M. (2009). «The discovery of Large-billed Reed Warblers Acrocephalus orinus in north-eastern Afghanistan». BirdingAsia (12): 42–45. 
  6. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)