Kjerrsongarfamilien
Australtrastsongar, Acrocephalus australis Foto: Brett Donald
Australtrastsongar, Acrocephalus australis
Foto: Brett Donald
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Kjerrsongarfamilien Acrocephalidae
Salvin, 1882

Kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae, er ein nyleg skildra biologisk familie av små sporvefuglar tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae. Acrocephalidae inneheld fire slekter, med kjerrsongarar som den dominerande med 39 artar.

Artane i denne familien er i regelen ganske store «songarar». Dei fleste er ganske vanleg olivengrøne til brune med lysare gult til beige på undersida. Dei er vanlegvis funne i ope skogsterreng, takrøyrskog eller høgt gras. Familien finst mest i sørlege til vestlege Eurasia, men utbreiingsområdet strekkjer seg òg langt inn Stillehavet, med somme artar i Afrika. Slektgrensene har trong for revisjon, men det er i dag lite kunnskap om korleis det bør skje.

Artslista

Kjerrsongarfamilien[1] i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Graueria
Slekt Nesillas

Slekt Acrocephalus, 37 kjerrsongarar

Slekt Arundinax
Slekt Iduna
Slekt Calamonastides
Slekt Hippolais

Kjelder

Referansar

  1. Norsk Ornitologisk Forening, Vedlegg til norske fuglenavn, tabell 3. 7. august 2014
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)