Kjevle av tre.

Kjevle (av norrønt kefli) er ein reiskap som kan nyttast for å glatte ut deig. Det består av ein sylinderform valse med handtak. Ofte kan handtaka vera festa til ein aksel som går gjennom valsen, men kjevlet kan òg vera laga i eitt stykke. Kjevlet er oftest gjort av tre, men finst òg i stein, metall, porselen, plast og kombinasjonar av desse. Kjevlet vert rulla fleire gongar over deigen slik at deigen gradvis vert flatare og tynnare. Kjevle kan ha ei lengd på 30-40 cm, men kan også vera kortare. Diameteren kan vera om lag 8-12 cm på tjukke kjevle, og 2-3 cm på tynne pinnekjevle.

Kokk bruker kjevle av stål.
Porselenskjevle.
Kjevle med handtak festa på eine sida.
Japanske kjevle i eitt stykke.

Bruk

Kjevle kan brukast til baking av tynne kaker og brød og til botn eller lok i terter, paiar og pizza. Det er også brukt til å laga nudlar, pasta og annan fylt deig.

I eldre tider i Noreg var det vanleg at bakstekjerringar fór rundt på bygdene og baka flatbrød, lefse og andre brødvarer,[1] og det var vanleg at bakstekjerringa hadde med seg ei eller fleire av tenestejentene på garden. Når dei fyrst var i gang, var det vanleg at dei baka store stablar med flatbrød og anna brød som stod seg lengje. Bakstekjerringane hadde stor røynsle med å kjevla ut tynne deigar, og dei la ofte stor flid i arbeidet, for ikkje å «skjemma ut fingrane sine». Mange gardar hadde eit eige eldhus der bakinga gjekk føre seg.

Kjevletypar

Det finst ulike typar kjevle:

Kjevle i kulturen

Ettersom baking gjerne har vore kvinnfolkarbeid, har kjevlet alltid vore innan rekkevidd for kona. Av den grunn vert kjevlet i teikneseriar ofte framstillt som kvinna sitt «våpen», som i teikneserien Finbeck og Fia.

Kjelder

  1. Fredriksen, S., Takkebakst[daud lenkje], www.heimbygda.no

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kjevle