Mardi Gras Studioalbum av Creedence Clearwater Revival | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. april 1972 | |
Innspelt | våren 1971, januar 1972 | |
Studio | Wally Heider Studios i San Francisco Fantasy Records Studio A i Berkeley i California[1] | |
Sjanger |
| |
Lengd | 28:04 | |
Selskap | Fantasy | |
Produsent | ||
Creedence Clearwater Revival-kronologi | ||
---|---|---|
Pendulum (1970) |
Mardi Gras | Creedence Gold (1972)
|
Singlar frå Mardi Gras | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Christgau's Record Guide | B[3] |
Creem | A–[4] |
Mardi Gras er det sjuande og siste studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, utgjeve i 1972. Det vart spelt inn etter at gitaristen «Tom Fogerty» slutta, og var det eianste albumet deira som trio. Medlemmane delte òg solovokal på utvalde spor. Gruppa vart oppløyst etter at albumet kom ut.
I motsetnad til tidlegare album, delte Stu Cook og Doug Clifford låtskrivinga og produsentrolla med John Fogerty på Mardi Gras, i tillegg til at dei song solo for første gongen. Meldingane var middels til dårlege, og Jon Landau skreiv i den originale meldinga i Rolling Stone at plata var «det verste albumet eg nokon gong har høyrt frå eit stort rockeband», og kunne i framtida bli kjend som «Fogertys hemn».[5] Etter albumet kom ut, vart gruppa offisielt oppløyst 16. oktober 1972 i ei pressemelding av gruppa og plateselskapet Fantasy Records. Mardi Gras er det einaste albumet deira som ikkje er blitt ommastra og gjeve ut på nytt i høve 40-årsjubileet deira.
Tidlegare hadde frontmannen John Fogerty sunge all solovokal og skrive nesten alt av songar for bandet. Den eldre broren hans Tom Fogerty hadde nettopp slutta i bandet etter ein krangel med broren og ønske om større kunstnarisk kontroll i gruppa.
På dette albumet delte Stu Cook og Doug Clifford låtskrivinga, synginga og produseringa. Fogerty medverka berre med tre originale songar og song på ein coverversjon av «Hello Mary Lou». Clifford og Cook skreiv og song kvar tre songar. Albumet selde ganske bra og nådde 12. plassen på den amerikanske albumlista, og oppnådde gullplate. Dette var derimot svakare salstal enn for dei førre albuma. Albumet inneheldt to singlar som nådde Topp 40 i USA, begge skrivne av Fogerty: «Sweet Hitch-Hiker» og svanesongen «Someday Never Comes».
Alle songane vart spelte inn i januar 1972, utanom «Door to Door» og «Sweet Hitch-Hiker» som vart spelte inn på våren.
Innspelinga av Mardi Gras var plaga av mykje krangling. I følgje Stu Cook og Doug Clifford var det Fogerty sin ide at alle i bandet skulle bidra likt til albumet, sjølv om dei sjølv ikkje ønskte dette.[6] Dei trur han var bitter over at broren Tom hadde slutta og at dei alltid hadde bede om å få meir å seie i dei musikalske avgjerslene i bandet, og at han derfor såg etter ei årsak til å legge ned CCR og starte ein solokarriere. Då Clifford og Cook sa seg misnøgde med å ideen om å bidra med 2/3 av albumet, truga Fogerty med å slutte i bandet der og då. I tillegg nekta Fogerty å spele noko anna enn gitar på songane deira. Alle andre instrument og vokal var opp til dei. Heile innspelingsprosessen førte til at bandet vart oppløyst. Cook og Clifford fortsette å arbeidde i lag etter CCR og danna seinare Creedence Clearwater Revisited.
Mardi Gras vart ommastra på 180-grams vinyl av Analogue Productions i 2006. Ei anna ommastra utgåve kom ut i Japan i januar 2011, men det kom ikkje ut som eit eige album i høve 40-årsjubileet deira, slik dei andre albuma hadde blitt.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Lookin' for a Reason» | John Fogerty | John Fogerty | 3:28 |
2. | «Take It Like a Friend» | Stu Cook | Stu Cook | 3:00 |
3. | «Need Someone to Hold» | Stu Cook, Doug Clifford | Doug Clifford | 3:01 |
4. | «Tearin' Up the Country» | Doug Clifford | Doug Clifford | 2:15 |
5. | «Someday Never Comes» | John Fogerty | John Fogerty | 4:01 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «What Are You Gonna Do» | Doug Clifford | Doug Clifford | 2:42 |
2. | «Sail Away» | Stu Cook | Stu Cook | 2:28 |
3. | «Hello Mary Lou» | Gene Pitney, Cayet Mangiaracina | John Fogerty | 2:14 |
4. | «Door to Door» | Stu Cook | Stu Cook | 2:09 |
5. | «Sweet Hitch-Hiker» | John Fogerty | John Fogerty | 2:59 |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1972 | US Billboard Top 200 | 12 |
Tyskland[7] | 10 | |
Noreg[8] | 5 | |
Nederland[9] | 2 |
År | Singel | Plassering | |
---|---|---|---|
Pop Singles | UK Top 40 | ||
Juli 1971 |
"Sweet Hitch-Hiker"/ "Door to Door" |
#6 | #36 |
Mars 1972 |
"Someday Never Comes"/ "Tearin' Up the Country" |
#25 |