Pendulum Studioalbum av Creedence Clearwater Revival | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. desember 1970[1] | |
Innspelt | November 1970 | |
Studio | Wally Heider Studios i San Francisco | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:56 | |
Selskap | Fantasy | |
Produsent | John Fogerty | |
Creedence Clearwater Revival-kronologi | ||
---|---|---|
Cosmo's Factory (1970) |
Pendulum | Mardi Gras (1972)
|
Singlar frå Pendulum | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Christgau's Record Guide | A–[3] |
Pendulum er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut av Fantasy Records den 15. desember 1970 — det andre albumet deira det året. Ein singel frå albumet, «Have You Ever Seen the Rain?» i lag med «Hey Tonight», kom ut i januar 1971.
Pendulum var det einaste albumet av gruppa som ikkje inneheldt coverversjonar. Alle songane vart skrivne av John Fogerty. Det vart det siste albumet bandet gjorde med Tom Fogerty, som slutta for å satse på ein solokarriere. Det var òg det siste albumet med John Fogerty som einaste produsent.
Creedence nytta fleire instrument enn dei tidlegare hadde gjort på dette albumet, mellom anna med blåseinstrument og klaverinstrument, i motsetnad til tidlegare album som var dominert av gitar. Blant fleire mindre kjende Fogerty-songar («Pagan Baby», «Sailor's Lament», «It's Just a Thought», «Born to Move») inneheldt albumet to Topp 10-hittar, «Hey Tonight» og «Have You Ever Seen the Rain?». Begge songane nådde åttandeplassen i 1971. Han inneheld òg det avantgarde, psykedeliske musikkstykket «Rude Awakening #2».
Albumet vart spelt inn i Wally Heider Studios i San Francisco, og tok ein månad å fullføre—ei uvanleg lang tid for bandet. På tidlegare album, øvde gruppa på songane før dei gjekk i studio. Men på Pendulum lærte bandet seg songane medan dei var i studio.[4] Det første opptaket av ein song vart framført av heile bandet,[5] før dei forskjellige medlemmane la til forskjellige instrument og ekstra song-spor, som saksofonar, som vart spelt av John Fogerty sjølv, i tillegg til mykje bruk av klaverinstrument, spelt av Fogerty og Cook.[4]
Albumet nådde toppen av salslistene i Australia og Noreg.
Alle songar er skrivne av J. C. Fogerty.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Pagan Baby» | 6:25 |
2. | «Sailor's Lament» | 3:47 |
3. | «Chameleon» | 3:05 |
4. | «Have You Ever Seen the Rain?» | 2:39 |
5. | «(Wish I Could) Hideaway» | 3:53 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Born to Move» | 5:39 |
7. | «Hey Tonight» | 2:43 |
8. | «It's Just a Thought» | 3:45 |
9. | «Molina» | 2:41 |
10. | «Rude Awakening 2» | 6:19 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «45 Revolutions Per Minute (Part 1)» | 3:17 |
12. | «45 Revolutions Per Minute (Part 2)» (Spor 11 og 12 er musique concrète) | 7:19 |
13. | «Hey Tonight» (Konsertopptak frå Hamburg 17. september 1971) | 2:30 |
Liste (1971) | Plassering |
---|---|
Australia Kent Music Report[6] | 1 |
Australske Top 20-album[7] | 1 |
Canada 100-album[8] | 2 |
Nederland Top 100-album[9] | 2 |
Noreg - VG-lista[10] | 1 |
UK Albums Chart[11] | 8 |
US Billboard 200[12] | 5 |
År | Singel | Plassering | |
---|---|---|---|
Pop Singles | UK Top 40 | ||
Januar 1971 |
"Have You Ever Seen The Rain"/ "Hey Tonight" |
#8 | #36 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Finland (Musiikkituottajat)[13] | Gull | 20,000 |
USA (RIAA)[14] | Platina | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Føregangar Bridge over Troubled Water Simon & Garfunkel |
Toppen av VG-lista Creedence Clearwater Revival 3 veker, veke 3–5, 1971 |
Etterfylgjar All Things Must Past George Harrison |
Føregangar All Things Must Past George Harrison |
Toppen av VG-lista Creedence Clearwater Revival 1 veke, veke 7–1971 |
Etterfylgjar All Things Must Past George Harrison |
Føregangar All Things Must Past George Harrison |
Toppen av VG-lista Creedence Clearwater Revival 3 veker, veke 16–18, 1971 |
Etterfylgjar Rose Garden Lynn Anderson |