BWV 244 Pasjonsmusikk av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1727 | ||
Urframføring | 11. april 1727 | ||
Publiseringsdato | 1830 | ||
Typisk lengd | 159:24 | ||
Satsar/akter | 68 | ||
Tekst av | Evangeliet etter Matteus, kap. 26 og 27 |
Matteuspasjonen, BWV 244, (tysk Matthäus-Passion), er eit musikkverk komponert av Johann Sebastian Bach i 1727 for songsolistar, dobbelt kor og dobbelt orkester, med libretto av Picander (Christian Friedrich Henrici). Her er teksten frå kapittel 26 og 27 Evangeliet etter Matteus sett til musikk, med koralar og ariar i mellom. Det vert rekna for eit av meisterverka innan klassisk kyrkjemusikk. Den originale latinske tittelen Passio Domini Nostri J.C. Secundum Evangelistam Matthaeum, tyder «Lidinga til vår herre J.C. etter evangelisten Matteus».
Berre to av dei fire (eller fem) pasjonane Bach skreiv finst i dag, den andre er Johannespasjonen. Matteuspasjonen vart truleg spelt første gong langfredag (11. april) 1727[1] i Thomaskirche i Leipzig, der Bach var kapellmeister. Han reviderte verket i 1736 og framført det igjen 30. mars 1736, denne gongen med to orgel.
Matteuspasjonen vart ikkje framført utanfor Leipzig før 1829, då Felix Mendelssohn framførte ei forkorta og endra utgåve i Berlin til særs god kritikk. Då Mendelssohn tok opp Matteuspasjonen førte dette til at musikken til Bach, særleg dei store verka, igjen vart lagt merke til.
Mange komponistar komponerte pasjonsmusikk på slutten av 1600-talet. Som andre oratoriumpasjonar i barokken, presenterte Bach-utgåva bibelteksten til Matteus 26-27 forholdsvis enkelt, og nytta hovudsakleg resitativar, medan arie- og arioso-satsar nytta nyskriven poesi som kommenterte forskjellige hendingar i bibelteksten og presenterte sinnstilstanden til personane lyrisk, på ein monologliknande måte.
To særeigne sider ved settingane til Bach kjem frå den andre kyrkjemusikken hans. Det eine er det doble korformatet, som kjem frå motettane hans for doble kor og dei til mange andre komponistar han ofte starta sundagsgudstenesta med. Den ander er den omfattande bruken av koralar, som er i standard firedelt format, med ariar i mellom og som ein cantus firmus i store polyfone satsar. Dette ser ein særleg i «O Mensch, bewein dein’ Sünde groß,» avsluttinga på første halvdel - ein sats som Bach òg nytta for den andre utgåva (1725) av Johannespasjonen (seinare - 1730 - gjekk han attende til den opphavlege «Herr, unser Herrscher» der)[2]. Opningskoralen, «Kommt, ihr Töchter, helft mir Klagen» nyttar òg koral cantus firmus, der sopranen i ripieno kroner ein kolossal oppbygging av polyfon og harmonisk spenning, ved å synge eit vers av «O Lamm Gottes, unschuldig.»
Manuskripta som finst i dag består av åtte concertato-partitur, nytta for åtte solistar, som òg syng i dei to kora. Ein trur at Bach skreiv og framførte Matteuspasjonen for ei stemme per del, eller åtte stemmer totalt, i staden for dei to vanlege kora som ein ofte nyttar i framføringa og innspelingar i dag.
Forteljinga frå evangeliet vert sungen av tenoren i secco som ein resitativ berre med ein generalbass som akkompagnement. Solistar syng teksten til forskjellige karakterar, òg som resitativar. I tillegg til Jesus finn ein delar for Judas, Peter, to øvsteprestar, Pontius Pilatus, kona til Pilatus, to vitner og to ancillae (tenestejenter). Desse vert ikkje alltid sungen av alle dei forskjellige solistane. «Karaktersolisten» får ein arie og syng i lag med kora, noko ein ikkje alltid gjer i moderne framføringar. To duettar vert sungen av eit solistpar som representerer to som snakkar saman. Fleire passasjar for fleire talarar, kalla turba-delar (menneskemengd), vert sungen av eitt av dei to kora.
Bach sine resitativ for Jesus er særleg særeigne. Dei vert alltid akkompagnert av både generalbass og heile strykeseksjonen i det første orkesteret ved hjelp av lange, vedvarande tonar, og skaper ein effekt som ofte vert kalla «haloen» til Jesus. Berre dei siste orda hans, skriven i arameisk, Eli, eli, lama sabachthani (Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?), vert sungen utan denne «haloen».
Matteuspasjonen er komponert for to orkester, sett opp separat for solisten, inkludert to fløyter dolce, to tverrfløyter, to oboar som doblar obo d'amore og obo da caccia, to fiolinar, bratsj, gambe og basso continuo. I mange ariar skapar eit soloinstrument eller fleire instrument ei særskild stemning, slik som i den sentrale sopranarien #49, «Aus Liebe will mein Heiland sterben», der ein ikkje har strykarar og basso continuo marker eit desperat tryggleikstap.
Bach sine resitativar set ofte stemninga for kvar enkelt passasje ved å trekke fram kjenslemessige ladde ord som «krossfest», «drep», eller «sørg» med kromatiske melodiar. dimakkordar og brå modulasjonar syner Jesus sine apokalyptiske profeti.
I turba-delane vekslar dei to kora stundom i cori spezzati-stil (til dømes «Weissage uns, Christe») og stundom syng dei i lag («Herr, wir haben gedacht»). Stundom syng berre eit kor (kor 1 tar alltid delane til disiplane) eller dei vekslar, som til dømes når «nokre tilskodarar» seier «Han kallar Elias» og «andre» seier «Vent å sjå om Elias kjem for å hjelpe han».
I ariane, vert obbligato-instrumenta sidestilt med stemmene, som var vanleg i ariane i seinbarokken. Bach nytta ofte madrigalismar, som i «Buß und Reu», der fløyteene starta å spele ein regndrope-liknande staccato når altsolisten syng om tårene hans som fell. I «Blute nur», vert linja om slangen sett til ein vridd melodi.
Ariane er sett til tekstar av Picander og kjem mellom seksjonar med tekst frå evangeliet. Dei vert sungen av solistar med forskjellig akkompagnement, typisk i ein oratorium-stil. Dei innskotne tekstane tolkar teologisk og personleg bibeltekstane. Mange av dei inkluderer lyttaren i handlinga, som i koral #10, «Ich bin’s, ich sollte büßen» («Det er eg som burde lide»), etter elleve disiplar «Herr, bin ich's?» (Herre, er det meg?) - som tyder: Er det eg som kjem til å begå sviket? Arien for alt, #6, «Buß und Reu», syner eit ønske om å gni tårene på Jesus som følgje av anger. I bass-arien #65, «Mache dich, mein Herze, rein», tilbyr solisten å gravlegge Jesus på eiga hand. Jesus vert ofte omtalt som «min Jesus». Koret vekslar mellom å delta i forteljinga og å kommentere ho.
Typisk for pasjonane er at Oppstoda ikkje er nemnd i desse tekstane. Ein følgjer konseptet til Anselm av Canterbury, der krossfestinga er slutten og kjelda for forløysing, ein vektlegg lidinga til Jesus. Koret syng, i den siste koralen, #62 «ta frå meg frykta mi / gjennom din eigen frykt og smerte». Bassen referer til «den søte krossen» i #56, «Ja, sjølvsagt vil denne kroppen og blodet i oss / ønskje å tvingast til krossen / jo betre det er for sjela vår, / jo meir bittert kjennest det.»
Koral #1, «O Lamm Gottes» samanliknar krossfestinga av Jesus med det heilage offeret av lammet i Det gamle testamentet, som eit syndeoffer. Dette temaet vert forsterka i den avsluttande koralen i første del, O Mensch, bewein dein’ Sünde groß (Å menneske, gråt over den største synda di).
Verket er delt inn i to delar som vert framført før og hetter preika under gudstenesta langfredag.
Den første delen opnar med koralen Kommt, ihr Töchter, helft mir klagen. Kor I og II syng separat, stundom med spørsmål og svar, kor I Seht ihn (sjå han), kor II svarer Wie? (Korleis?), kor I als wie ein Lamm (som eit lam). Biletet av lammet som vert slakta på krossen er òg tydeleg i cantus firmus i den tredje koralen, som ei overskrift for heile verket.
Dei første scenane er i Jerusalem: Jesus annonserer at han skal døy (#2), så vert intensjonen om å verte kvitt han uttrykt (#4). Ein scene i Betania (#4c) syner ei kvinne som handsamar hovudet hans med verdifult vatn. Den neste scenen (#7) omhandlar Judas Iskariot som forhandlar om prisen for å overlevere Jesus. I stor kontrast til stemninga under førebuinga til «Påskemåltidet» (Osterlamm) skildra i #9 og sjølve sedermåltidet, det siste måltidet, er annonseringa om sviket. Etter måltidet går dei til Oljeberget (#14) der Jesus føreser at Peter vil fornekte han tre gonger. I hagen i Getsemane (#18) ber Jesus disiplane sine fleire gonger om å støtte han, men dei sovnar medan han ber i smerte. Det er der (#26) han vert sviken av kysset til Judas og arrestert.
Del I vert avsluttar med ein firedelt setting (begge kor) i koralen O Mensch, bewein dein Sünde groß (Å menneske, sørg over dei store syndene dykkar), der ein fortel at Jesus vart fødd av ei jomfru for å «verte talsmannen». Sopranane syng cantus firmus, dei andre stemmene tolkar aspekt i forteljinga.
Del To opnar med ein dialog mellom alt-solisten som djupt beklagar tapet av Jesus (siterer Høgsongen 6:1) og kor II tilbyr hjelp til å finne han.
Den første scenen i del to er eit avhøyr hos øvstepresten Kaifas (#37) der vitne fortel om at dei høyrte Jesus snakke om å øydeleggje Tempelet og byggje det opp att på tre dagar. Jesus svarer ikkje, men svaret hans til spørsmålet om han er Guds son vert rekna for å vere ei så stor krenking at det får han dømd til døden. Utanfor på gardsplassen (#38) vert Peter fortalt tre gonger at han høyrer til Jesus og fornektar det tre gonger. Om morgonen (#41) vert Jesus sendt til Pontius Pilatus som er ansvarleg for domsmakta. Judas angrar og tar livet sitt. Pilatus forhøyrer Jesus (#43), vert imponert og heller mot å frigje han, sidan det var vanleg å frigje ein fange før høgtida, noko kona hans støtta han i. Men menneskemengda, som får valet mellom å frigje anten Jesus eller Barabbas, ein mordar, spør med ei stemme «Barrabam!». Dei vel å krossfeste Jesus og Pilatus gjev etter, vaskar hendene sine og hevdar uskulda hans og leverer Jesus til å bli torturert og krossfesta. På veg til krossfestingsstaden (#55) vert Simon frå Kyréne tvungen til å bere krossen. Ved Golgata (#58) vert Jesus og to andre krossfesta og håna av menneskemengda. Sjølv dei siste orda hans vert misforstått. Der han siterer Salmane 22, «Eli, Eli» («Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»), trur ein at han roper på Elia. Han døyr. Matteus skildrar at forhenget i tempelet rivnar og eit jordskjelv - sett til musikk av Bach. På kvelden (#63c) spør Josef frå Arimatea Pilatus om liket for å gravlegge han. Dagen etter (#66) minner tenestemenn Pilatus om snakket om oppstoda og ber om at det vert sett opp vakter ved grava.
Verket vert lukka med ein storskala koral i da capo-form, kor I og II syng for det meste i lag for den første delen, Wir setzen uns mit Tränen nieder (Vi sit oss ned i tåret), men i dialogen i midten repeterer kor II «kvil lett, lett kvil!", kor I reflekterer: «Grava di og gravsteinen skal, for det urolege samvitet, vere ei behageleg pute og kvilestad for sjela di. Særs tilfredsstilt, skal augene der falle i søvn.» Dette er dei siste ora (før oppsummeringa), markert av Bach sjølv: p pp ppp (mjukt, særs mjukt, ekstremt mjukt).
Del ein
1. Kor I & II & Kor: Kommt, ihr Töchter, helft mir klagen - O Lamm Gottes unschuldig
3. Kor: Herzliebster Jesu, was hast du verbrochen
10. Kor: Ich bin's, ich sollte büßen
15. Kor: Erkenne mich, mein Hüter
17. Kor: Ich will hier bei dir stehen
25. Kor: Was mein Gott will, das gscheh allzeit
29. Kor: O Mensch, bewein dein Sünde groß
Del Two
32. Kor: Mir hat die Welt trüglich gericht'
37. Kor: Wer hat dich so geschlagen
40. Kor: Bin ich gleich von dir gewichen
44. Kor: Befiehl du deine Wege
46. Kor: Wie wunderbarlich ist doch diese Strafe!
54. Kor: O Haupt, voll Blut und Wunden
62. Kor: Wenn ich einmal soll scheiden
68. Kor I & II: Wir setzen uns mit Tränen nieder
Matthäuspassion: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.