«Maybe Baby» er ein rock and roll-song skriven av Buddy Holly og produsenten Norman Petty. Songen vart spelt inn av Holly og The Crickets i 1957 og gjeven ut på singel. På singelen er dei berre omtalt som The Crickets og han vart ein hit i USA, Storbritannia og Canada.[2]
«Maybe Baby» vart spelt inn på Tinker Air Force Base i Midwest City i Oklahoma seint på natta 29. september 1957, medan Buddy Holly and The Crickets var på turné. Same kvelden som opptaket hadde dei konsert i Oklahoma City Municipal Auditorium med The Show of Stars '57.[3]
Den ganske enkle teksten er sett til musikk med eit akkompagnement som er typisk for rockabilly.[1]
«Maybe Baby» vart opphavleg spelt inn av Holly og The Crickets i 1957,[4] og nådde 17. plassen på den amerikanske singellista og fjerdeplassen på den britiske. Holly turnerte i Storbritannia dette året. Singelen nådde òg åttandeplassen på R&B-lista til Billboard og niandeplassen på den kanadiske singellista.[5]
Jackie DeShannon gav ut ein versjon av songen på albumet hennar Breakin' It Up On the Beatles Tour! frå 1964.
Visesongaren Phil Ochs spelte songen på konsert tidleg i 1970-åra då Ochs brukte elektriske instrument og spelte mange songar frå 1950-åra.
Bandet Gallery gav ut ein versjon av songen i 1972 på albumet Nice to Be with You.
Countryartisten Susie Allanson gav ut ein versjon i 1978, som nådde sjuandeplassen på den amerikanske countrylista og 14. plassen på den kanadiske countrylista.