Words of Love Singel av Buddy Holly frå albumet Buddy Holly | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juni 1957 | |
Innspelt | 8. april 1957 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 1:56 | |
Selskap | Coral 61852 | |
Komponist | Buddy Holly | |
Tekstforfattar | Buddy Holly | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly | |
Produsent | Norman Petty | |
Buddy Holly-kronologi | ||
«Modern Don Juan» (1956) |
Words of Love | «That'll Be the Day» (1957)
|
«Words of Love» er ein song skriven og spelt inn av Buddy Holly.
Holly spelte inn songen den 8. april 1957. Holly song sin eigen harmonivokal, noko dei fekk til ved å kombinere lydbandinnspelingane for kvar del. Songen vart ikkje ein stor hit for Holly, men har sidan blitt rekna som ein av dei viktigaste innspelingane hans og finst på mange av samleplatene hans.[1]
Eit samlealbum kalla Words of Love kom ut på PolyGram i Storbritannia i 1993, og nådde førsteplassen på albumlista i USA og selde til gullplate..[2]
Ein doo-wop-versjon av Diamonds kom ut på Mercury Records den 20. mai 1957, og nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 i juli 1957. The Diamonds framførte òg songen på direktefjernsyn på showet Circus Time den 27. juni 1957, og han finst på albumet Pop Hits frå 1962.
Words of Love Song av The Beatles frå albumet Beatles for Sale | ||
Utgjeve | 4. desember 1964 | |
Innspelt | 18. oktober 1964 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 2:12 (mono), 2:02 (stereo) | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | Buddy Holly | |
Tekstforfattar | Buddy Holly | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
The Beatles gav ut ein versjon av songen den 18. oktober 1964 for det britiske albumet Beatles for Sale. I USA kom han først ut på albumet Beatles VI. Han kom òg på EP-en Beatles for Sale No. 2, på Parlophone/EMI i 1965. John Lennon og Paul McCartney, som var fans av Holly, song i harmoni med George Harrison,[3] og heldt seg nær til den originale vokalen til Holly. Ringo Starr spelte på ein kasse, i tillegg til trommer, for å få ein liknande lyd som på Holly sin «Everyday».[4]
Ei framføring av songen frå 1963 vart spelt inn for BBC og finst på samlealbumet On Air – Live at the BBC Volume 2 frå 2013. Innspelinga var òg med på ein EP frå albumet, og ein DVD eller Blu-ray som kom med albumet 1+ frå 2015.
Singlar |
|
---|---|
Studioalbum | |
Samlealbum |
|
Hyllestalbum |
|
Tilknytte artiklar |
|