Montereysypress
Montereysypress
Montereysypress
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av montereysypress
Utbreiinga av montereysypress
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Sypressfamilien Cupressaceae
Underfamilie: Cupressoideae
Slekt: Sypresslekta Cupressus
Art: Montereysypress C. macrocarpa
Vitskapleg namn
Cupressus macrocarpa
Hartw., 1847

Montereysypress (Cupressus macrocarpa) er ein art av bartre som høyrer til sypresslekta i sypressfamilien (Cupressaceae). Arten veks naturleg berre på kysten i to freda naturområde i det midtre California. Langs kysten blir stammen ofte forvridd av vind.

Arten kan kryssa seg med nutkasypress og danna hybriden leylandsypress (X Cupressocyparis leylandii = syn. Callitropsis × leylandii). Hybriden oppstod i Storbritannia i 1888.

Montereysypress blir 5-20 m høg. Krona er mellomgrøn og uregelmessig, og stammen er ofte forvridd. Skjelaktige eldre skot 2-5 mm lange, unge skot er 4-8 mm lange nåler. Kongla er grøn i byrjinga, men mognar på 20-24 månader til ein rund, 2-4 cm stor brun kongle med 6-14 skil. Hannkonglane er 3-5 mm lange når dei mognar og spreier pollen om seinvinteren og våren.

Arten er mykje nytta som ornamentalt park- og hagetre, og det finst ei rekkje kultiverte former og kultivarar i både Nord-Amerika og Europa. Sypressen blir også planta som vindvernar i New Zealand, og som tømmerplante i Kenya.

Kjelder

Bakgrunnsstoff