Muisca var eit chibcha-talande folk som danna muisca-konføderasjonen på det sentrale høglandet i den austlege fjellkjeda av Andes innanfor dagens Colombia.

Territoriet til muisca utgjorde eit område på rundt 47 000 kvadratkilometer[treng kjelde] - ein region litt større enn Sveits - frå nord i Boyacá til Sumapaz páramo og frå toppane av austlege fjellkjeda av Andes til Magdalenadalen. Det hadde grenser mot naboterritoria til panches og pijaos-stammane.

På tidspunktet for den spanske erobringa, i 1537, fanst ein stor folkesetnad i muisca-territoriet, sjølv om de nøyaktige folketalet ikkje er kjent. Språka i muisca var dialektar av chibcha, òg kalla muysca og mosca, som alle tilhøyrer den chibchanske språkfamilien.

Økonomien var basert på jordbruk, metallarbeid og produksjon.

Politisk og administrativ organisering

Plassering av muisca-konføderasjonen innanfor territoriet til det moderne Colombia

Muisca-folket vart organisert i ei hovudsamanslutning som var ein laus union av statar som kvar heldt på suvereniteten. Konføderasjonen var ikkje eit kongedømme, så det fanst ingen eintydig monark, heller ikkje eit imperium, fordi det var ikkje slik at eit folkeslag dominerte andre etniske grupper eller folkeslag. Muisca-konføderasjonen kan ikkje samanliknast med andre amerikanske sivilisasjonar som aztekarane eller inkaene, men muisca-konføderasjonen var ein av dei største og best organiserte hovudsamanslutningar av stammar på det søramerikanske kontinentet.[treng kjelde]

Undergrupper av muisca vart hovudsakleg identifisert av sympatiar til tre store herskarar: 1 - zaque, sentrert rundt dagens by Tunja, med eit territorium nokonlunde som det moderne sørlege og nordaustlege Boyacá samt sørlege Santander; 2 - zipa, sentrert rundt dagens by Funza, og omfattar det meste av det moderne Cundinamarca, vestlege Llanos og nordaustlege Tolima; og 3 - Iraca, herskar over eit område sentrert rundt dagens by Sogamoso og dekte noko av dagens nordaustlege Boyacá og sørvestre Santander.

Kvar stamme innan konføderasjonen vart styrt av ein høvding eller cacique. Dei fleste av stammane var ein del av den muisca-etnisk gruppa, med felles språk og kultur, og samanknytte gjennom handel. Dei var sameinte i møtet med felles fiendar. Zipa eller zaque var ansvarleg for hæren. Hæren bestod av güeches, dei tradisjonelle gamle krigarane i muisca.

Muisca-konføderasjonen fungerte som samskipnaden av to mindre samanslutningar. Den sørlege konføderasjonen, leidde av zipa, hadde hovudsete i Bacata, no Bogotá. Denne sørlege eininga inkluderte fleirtalet av muisca-folkesetnaden og heldt stor økonomisk makt.

Det nordlege forbundet vart styrt av zaque, og hadde hovudstaden sin i Hunza, i dag kjent som Tunja. Jamvel om begge samanslutningane hadde felles politiske relasjonar og slektskap og tilhøyrde same nasjon, var det enno rivalisering mellom dei.

Rettssystemet i muisca var basert på sedvanerett, det vil seia, rettstryggleiken deira vart avgjort av lang opparbeid praksis med godkjenning av zipa eller zaque. Denne typen lovgjeving var eigna til eit konføderasjonssystem, og det var eit velorganisert rettssystem. Naturressursane kunne ikkje privatiserast: skog, innsjøar, vidder, elver og andre naturressursar var fellesgode.

Økonomi

Muisca menneske

Muisca hadde ein økonomi og samfunn vurdert som av dei mektigaste innanfor den amerikanske postklassiske perioden. Då spanjolane kom i muisca-territoriet, fann dei at muisca-konføderasjonen kontrollerte utvinning av følgjande råvarer:

Muisca handla varene sine på lokale og regionale marknader gjennom eit system av bytehandel. Produkta som blei handla varierte frå basisvarer til luksusvarer. Overflod av salt, smaragdar, og kol gav desse råvarene status som de facto valuta.

Etter å ha utvikla eit jordbruksamfunn, nytta dei terrassering og vatning i høglandet.

Ein annan aktivitet med stor økonomisk tyding var veving. Folket skapte ei rekkje høgt utvikla tekstilar. Sitat frå ein forskar: «Kulturane i Andes meistra nesten kvar ein metode for tekstilproduksjon eller dekorasjon som er kjente i dag, og produkta deira var ofte finare enn dei som blir tilverka i dag.»[2]

Språk

Chibcha, òg kjend som muysca, mosca, eller muska kubun vart tala over fleire regionar i Mellom-Amerika og Nord- og Sør-Amerika. Tairona og U'wa, knytt til muisca-kultur, snakka liknande språk, noko som oppmuntra til handel.

Mange chibcha-ord vart absorbert eller lånt inn kolombiansk spansk:

Kultur

Ruinane av eit gammalt muisca-tempel ved El Infiernito (det vesle helvetet) i nærleiken av Villa de Leyva
Foto: Andrew Bertram
Eit førkolombiansk muisca-mønster er ein del av våpenskjoldet til dagens kommune Sopó i Cundinamarca-departementet

Muisca var eit samfunn basert på jordbruk og keramikk i Andesfjella nord i Sør-Amerika. Den politiske og administrative organiseringa gjorde dei i stand til å danne ei kompakt, kulturell eining med stor disiplin. Muisca-kulturen har gjeve monalege bidrag til den nasjonale colombianske identiteten.

Sport

Muisca-kulturen hadde visse idrettar som ein del av rituala. Turmequé-spelet, òg kjend som tejo, har overlevd til notida. Brytekampane var òg viktige. Vinnaren fekk eit fint vove bomullsteppe frå leiaren og vart ein kvalifisert güeche, krigar.

Religion

Muisca-prestar vart utdanna frå barndomen og leidde dei viktigaste religiøse seremoniane. Berre prestane kunne gå inn i tempel. Forutan dei religiøse aktivitetane, hadde dei stor innverknad på liva til folk, og gav råd i jordbrukssaker og i krig. Religionen inkluderte opphavleg menneskeofring, men praksisen kan ha døydd ut før den spanske erobringa, ettersom det ikkje finst nedskrivne augevitneskildringar.

Munnleg tradisjon tilseier at kvar familie gav eit barn som offer, at borna vart vurdert som heilage og fekk omsut til 15 års alderen, då livet vart ofra til solguden, sue.

Soltilbeding
Monument frå bochica-mytologien i byen Cuitiva i Boyacá
Foto: Frank Ballesteros
Vassgudinna. Steinstatue av skulptøren María Teresa Zerda.
Foto: ArturoAparicio

Sjølv om dei ikkje hadde nokon presis kalender, visste muisca-folket nøyaktig tidspunkt for sommarsolkverv. Sue-tempelet låg i Sogamoso, den heilage byen til solguden og var òg sete for iraca, presten. Muisca-namnet på byen, Suamox eller Sugamuxi tyder 'byen for sola'. Sommarsolkverv var sue, solguden sin dag, og var dagen då leiaren zaque drog til ein stor festival i Sugamuxi der dei gjorde rituelle ofringar. Dette var den einaste dagen i året då zaque viste andletet, ettersom han vart sett på som ein etterkommar av solguden.[treng kjelde]

Mytologi

Muisca-mytologien er godt dokumentert. Mange av forfattarane som har bidrege til Chronicles of the West Indies var busette i Bogotá. Dei skreiv ned mange av mytane, med interesse for tradisjonar og kultur blant dei erobra folka. Muisca-territoriet vart sete for den koloniale administrasjonen for Ny-Granada, spansk: Nuevo Reino de Granada.

El Dorado

Opphavet til legenda om El Dorado (spansk 'den gylne') frå byrjinga av 15-talet kan lokaliserast til muisca-konføderasjonen. Zipa ofra gull og andre skattar til guatavita-gudinna. For å gjera dette, dekte seg zipa seg sjølv med gullstøv og vaska det av i sjøen medan han kasta gullpyntegjenstandar i vatnet. Denne tradisjonen vart kjent utanfor konføderasjonen, så langt som til Det karibiske havet; spanjolane var tiltrekt av historier om ein «by av gull» som faktisk ikkje eksisterte. Nokre gonger vart urfolket kvitt dei grådige spanjolane på den måten, med å peika dei i retning av andre folkeslag. Guatavita-sjøen vart grundig utforska av erobrarane på jakt etter gullofra frå zipa til gudinna. Legenda voks slik at omgrepet vart ein metafor for kva stad som helst der ein kan finne stor rikdom.

Arkitektur

Modell av gamle muisca husa i arkeologi Museum i Sogamoso
Foto: Ricardo Rodríguez Q

Muisca konstruerte ikkje store steinkonstruksjonar slik som andre amerikanske kulturar. Husa deira vart bygd av materialar som leire og trestokkare. Dei hadde ei konisk form, så mykje at den spanske conquistadoren Gonzalo Jiménez de Quesada, grunnleggjaren av Bogotá, gav området namnet Valles de los Alcázares (palassdalen). Husa hadde små dører og vindauge, og bustadene til borgarar av høgare rang var annleis. Muisca brukte lite møblar og folk hadde til vane å sitje på golvet.

Historie

Kunnskap om hendingar fram til 1450 stammar i hovudsak frå mytologiske samanhengar, men takka vera Chronicles of the West Indies har vi har skildringar av den siste perioden av muisca- historie, før spansk tilkome.

Bakgrunn

Utgravninger i høglandet i departementa Cundinamarca og Boyacá, kalla Altiplano Cundiboyacense, viser teikn på menneskeleg aktivitet sidanden arkaiske perioden på byrjinga av holocen. Colombia har ein av dei eldste arkeologiske stadane i Amerika: El abra, som er rekna å starte 13 000 år tilbake. Andre arkeologiske spor i området ved Altiplano Cundiboyacense har ført forskarar til å snakka om ein el abra-kultur: I Tibitó, har ein funne verktøy og andre paleoindianske gjenstandar datert til 9740 f.Kr.; på Bogotá-sletta, spesielt ved Tequendama Falls, har ein funne andre paleoindiansk verktøy datert eit tusenår seinare, dei tilhøyrde spesialiserte jegerar. Ein har vidare funne menneskeskjelett datert til 5000 f.Kr. Analysen viste at folket var medlemmar av el abra-kulturen, ei gruppe som skil seg frå muisca. Av denne grunnen kan ein seie at muisca-stammane ikkje overtok ubrukt landområde.

Epoken til muisca

Forskarar er samde om at gruppa identifisert som muisca migrerte til Altiplano Cundiboyacense, mellom 5500 og 1000 f.Kr., i følgje arkeologiske prov. Muisca var i ein overgang mellom å vere jegerar og å vere jordbrukarar. Rundt 1500 f.Kr., kom grupper av jordbrukarar med keramiske tradisjonar til regionen frå låglandet. Dei hadde permanente bustader og stasjonære leirar, og arbeidde med saltproduksjon. I Zipacón det er spor etter jordbruk og keramikk. Den eldste busetjinga i høglandet er datert til 1270 f.Kr. Mellom 500 f.Kr. og 800 f.Kr., kom ei ny bølgje av innvandrarar til høglandet. Nærveret deira er identifisert av fleirfarga keramikk, bustader og gardsbruk. Desse gruppene var enno busette der ved tilkome av dei spanske conquistadorane. Dei har late etter seg rikelege spor av verksemda si som ein har studert sidan 1500-talet, og tillèt forskarane å rekonstruera leveviset. Det er mogleg at muisca integrerte seg med tidlegare folk i området, men muisca var dei som utvikla kulturprofilen, samt sosial og politisk organisering. Språket deira, chibcha, var svært lik språket til folka i Sierra Nevada de Santa Marta og i Sierra Nevada del Cocuy (U'wa).

Konfliktar

Zipa Saguamanchica, som regjerte 1470-1490, var i ein konstant krig mot aggressive stammar som sutagos, fusagasugaes og spesielt panches, som òg ville laga vanskar for etterfølgjarane hans, Nemequene og Tisquesusa. Karibar var òg ein permanent trussel som rivalar til zaque i Hunza, spesielt for råderetten over saltgruvene.

Den spanske erobringa

Rivaliseringa mellom zaque og zipa vart utnytta av spanjolane då dei erobra hjartet av kva som blei Colombia. Nokon av dei, som til dømes Sebastián de Belalcázar, Gonzalo Jiménez de Quesada, og Nicolás de Federman, var interesserte i å finne El Dorado, og oppdaga dei rike slettene i Cundinamarca og Boyacá.

Spanjolane drap dei siste muisca-herskarane, Sagipa og Aquiminzaque. Reaksjonen frå folk og leiarar gjorde lite for å endra skjebnen til konføderasjonen. I 1542 kunne Gonzalo Suaréz Rendón endeleg nedkjempe den siste motstanden, og territoriet til konføderasjonen vart delt mellom Belalcazar, Federmann og Quesada. Seinare valde den spanske krona Quesada til leiar.

Kjelder

følgjande referansar var gjevne:

Referansar
  1. Ministerio de Minas y Energia Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., Proexport Colombia.
  2. P. Bahn, Archaeology, p. 317

Bakgrunnsstoff