Neptune Range | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Coats Land | ||
- koordinatar | 83°30′S 056°00′W / 83.500°S 56.000°W | ||
Lengd | 112 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Neptune Range 83°30′S 56°00′W / 83.5°S 56°W | |||
Neptune Range er ei fjellkjede, 112 km lang, som ligg vest-sørvest for Forrestal Range sentralt i Pensacolafjella i Antarktis. Fjellkjeda består av Washington Escarpment med tilknytte ryggar, dalar og toppar, Iroquois Plateau og Schmidt og Williams Hills. Ho vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende.
Ho vart namngjeven av US-ACAN etter flytypen 2V-2N Neptune som vart nytta under denne flyturen. Heile Pensacolafjella vart kartlagde av USGS i 1967 og 1968 frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1964.[1]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Neptune Range» (innhald frå Geographic Names Information System).