Netteland | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Solund | ||
Postnummer | 6926 KRAKHELLA[1] | ||
Gardnummer | 64[2] | ||
Netteland er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Garden har matrikkelnummer 64 i Solund.[2] Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune og der hadde Netteland matrikkelnummer 3.[3]
Netteland ligg like sør for Losnegard, ved ei lita bukt på søraustsida av øya.[3] Ferjekaien på Losna ligg på Netteland, og ferja Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella går innom der etter førhandstinging.[4]
Det tidlegaste ein finn garden nemnt er i 1563, men han er mykje eldre. Ivar Kleiva skriv i bygdeboka for Gulen at Netteland før 1700 vart rekna for eit bruk under Losnegard.
Etter matrikkelen frå 1667 var skulda 1½ laup og 1 pund smør, og det var ein hest og 22 naut på garden. Utsåd var fire tønner havre og avling var 13 tønner. Skatten var 5½ riksdalar. Det ser ut til å ha vore to brukarar på garden då.[3] I 1723 er det berre ein brukar. Garden hadde då ein hest, 24 naut og 12 sauer og geiter. Utsåd var fire tønner og tre skjepper havre, og avling var 16½ tønne. [3][5]
Netteland fekk elektrisk straum innlagt i 1958.[3]
Oluf Rygh meiner namnet har med planta «netle» (nesle, brennenòt, Urtica) å gjere.[6]
Statens kartverk har godkjend skrivemåten «Netteland» (1986).[7]
Gardsnamnet er også kjent frå Kvinnherad kommune, men der vert namnet no skrive Nettland.[6][8]