Neumayer III-stasjonen | |||
stasjon | |||
Neumayer III-stasjonen
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 70°40′08″S 8°16′02″W / 70.66889°S 8.26722°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Neumayer III-stasjonen 70°40′S 8°17′W / 70.67°S 8.28°W | |||
Wikimedia Commons: Neumayer Station III |
Neumayer III-stasjon, kalla opp etter geofysikaren Georg von Neumayer, er ein tysk forskingsstasjon i Antarktis driven av Alfred-Wegener-Institut. Han ligg kring på den kring 200 meter tjukke Ekströmisen fleire kilometer sør for Neumayer II-stasjon.[1] Stasjonen vart sett opp i november 2007. Han flyttar seg med isen kring 200 meter kvart år mot det opne havet.[2]
Etter å ha arbeidd i nesten ti år med prosjektet, kom stasjonen i regulær drift den 20. februar 2009. Stasjonen erstatta Neumayer II-stasjon og Georg-von-Neumayer-stasjonen som var før den igjen. Den venta levetida til stasjonen er 25 til 30 år og heile prosjektet er estimert å ha kosta 39 millionar Euro.[3]
Stasjonen er løfta 6 meter over overflata og kviler på 16 søyler. Kvar søyle er hydraulisk, slik at stasjonen kan hevast etter kvart som søylene søkk ned i isen. Stasjonen vert løfta 80 til 100 cm kvart år. Stasjonen er heilårleg og dekkjr 210 kvadratmeter, delt inn i 12 avdelingar. Han har soveplass til 40 personar.