Henryk Arctowski-basen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | King George Island | ||
- koordinatar | 62°09′S 58°28′W / 62.150°S 58.467°W | ||
Grunnlagd | 26. februar 1977 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Henryk Arctowski-stasjonen 62°09′35″S 58°28′24″W / 62.15977292°S 58.47332175°W | |||
| |||
Wikimedia Commons: Henryk Arctowski Station | |||
Nettstad: Arctowski |
Henryk Arctowski-basen (polsk Polska Stacja Antarktyczna im. Henryka Arctowskiego) er ein forskingsstasjon på King George Island, utanfor kysten av Antarktis.
Han er kalla opp etter Henryk Arctowski (1871-1958), som var ein meteorolog som var med den belgiske oppdagaren baron Adrien de Gerlache på Belgica-ekspedisjonen 1897-1899. Dette var den første ekspedisjonen som overvintra i Antarktis. Han var den første som laga ein vindfaktor og hevda at vind kunne vere like skadeleg for menneskehud som kulde i harde klima.
Stasjonen vart oppretta den 26. februar 1977. Han vart driven av Det polske vitskapsakademiet og hovudforskingsområda er marinbiologi, oseanografi, geologi, geomorfologi, glasiologi, meteorologi, klimatologi, seismologi, magnetisme og økologi.
Fordi han er lett tilgjengeleg og den polske besetninga er venleg,[1] er han ein av dei mest vitja forskingstasjonane i Antarktis. Det vert dyrka ferske grønsaker i eit drivhus. Strendene nær stasjonen er dekt av mykje kvalbein fordi staden vart nytta til å handsame fangst til kvalfangarane i området i tidlegare tider.
Stasjonen ligg pingvinkoloniar me tre forskjellige pingvinar (adeliepingvin, ringpingvin og bøylepingvin), og har status som ein stad med særskild vitskapleg interesse (SSI) i følgje Antarktistraktaten.