Parakittar | |
Blågulara Ara ararauna | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Psittacimorphae |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Parakittar Psittacoidea Illiger, 1811 |
Parakittar er ein biologisk overfamilie, Psittacoidea, av ca. 330 fugleartar, taksonet samlar dei fleste artane i den biologiske ordenen papegøyar, Psittaciformes. Kakaduer, Cacatuoidea og Strigopoidea på New Zealand er dei andre medlemmene i ordenen. Parakittar har ei vidare distribusjon enn kakaduer, det finst artar av parakittane i Amerika, Afrika, Asia, Australia og austover over Stillehavet så langt som til Polynesia.
Begge parakittfamiliane kan delast vidare inn i underfamiliar, og underfamilie Loriinae, loriar er eit døme.
Parakittar er primært frøetarar. Somme artar varierer dietten og kan ta frukt, nøtter, blad og ved høve jamvel òg insekt og andre byttedyr hos enkelte artar. Loriar er hovudsakleg nektaretarar; men mange andre papegøyar vil også drikke nektar. Dei fleste parakittar er holerugarar som dannar monogame parsamband. Dei har eit nebb med ein karakteristisk, kraftig nedbøygd form, og ein generelt oppreist kroppsstilling. Dei har òg ein stor hovudskalle og er rekna blant dei mest intelligente fuglane. Dei lever i tropiske område, er gode flygarar og dugelege klatrarar på greiner av tre.
Parakittane er utbreidd over heile den sørlege halvkula, og dekker mange ulike habitat, frå dei fuktige tropiske skogane til ørkenar i innlandet av Australia, inkluderer òg India, Søraust-Asia og Vest-Afrika, og éin utdøydd art, levde i Sambandsstatane. Men dei store populasjonane finn ein i Australasia, Sør-Amerika og Mellom-Amerika.
Einskilde artar kan bli gode til å etterlikne menneskelege stemmar og andre lydar, med bruk av vokaliseringsorganet kjent som syrinx.
Mange artar er definerte som truga artar, nokre er ikkje globalt truga artar, men lokalt utrydda i store delar av utbreiingsområdet.
Denne situasjonen skuldast i hovudsak permanente endringar av habitata deira: uttømming, øydelegging og fragmentering, jakt fordi dei reknast som ein trussel mot avlingar og fordi ungar og ungdyr fanga frå reir i hekkekoloniar tradisjonelt har blitt selt som kjæledyr.
For å gje plass til meir jordbruksland, er store område med skog hogge ned, og dermed er habitata gått tapt. Krypskyting og ulovleg fangst som omfattar øydelegging av reir, innsamling av egg og ungefangst. Parakittar blir utsett for meir utnytting enn nokon anna fuglegruppe.[1] I somme område har tiltak for å verne leveområda til nokre høgprofilerte artar òg verna mange av dei mindre kjente artane som lever i dei same økosystema.[2]
Parakittar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Clementslista listar 78 slekter, fordelt på to familiar. 12 slekter av loriar i Psittaculidae er lista i artikkelen om loriar.