Peter Beardsley
MBE
Beardsley i juni 2022
Personleg informasjon
Fullt namn Peter Andrew Beardsley
Fødselsdato 18. januar 1961 (63 år)
Fødestad Hexham, Northumberland, England[1]
Høgd 5 fot 8 tommar (1,73 m)[1]
Posisjon Forward, Midfielder
Ungdomsklubbar
Newcastle United
Wallsend Boys Club
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1979–1982 Carlisle United 104 (22)
1981 Vancouver Whitecaps 26 (13)
1982 Vancouver Whitecaps 22 (7)
1982–1983 Manchester United 0 (0)
1983 Vancouver Whitecaps 25 (8)
1983–1987 Newcastle United 147 (61)
1987–1991 Liverpool 131 (46)
1991–1993 Everton 81 (25)
1993–1997 Newcastle United 129 (47)
1997–1998 Bolton Wanderers 17 (2)
1998Manchester City (lån) 6 (0)
1998Fulham (lån) 22 (6)
1998 Fulham 1 (0)
1998–1999 Hartlepool United 22 (2)
1999 Melbourne Knights 2 (0)
Totalt 735 (239)
Landslag
1991–1992 England B 2 (0)
1986–1996 England 59 (9)
Trenar for
1999–2000 England (assistent)
2001–2011 Newcastle United Reserves
2010 Newcastle United (mellombels)
2014–2018 Newcastle United Reserves
2015 Newcastle United (assistent)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Peter Andrew Beardsley (fødd 18. januar 1961) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Hexham. Han utmerkte seg på Newcastle United og hadde stor suksess med Liverpool FC, samt deltok i tre meisterskaps-turneringar for England. Beardsley var ein kvikk, iherdig og skapande angrepsspelar, spelte jamnast på høgrevengen.

Karriere

[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel

[endre | endre wikiteksten]

Beardsley var aktiv på fjerdedivisjonslaget Carlisle United i tida 1979-82. Han fekk i 1983 kontrakt med Newcastle United og markerte seg dei neste åra med mange skåringar frå vengen. Sommaren 1987 vart han overført til Liverpool FC mot rekordsummen 1,9 millionar pund. Her ytte han mykje til Liverpools triumfar dei neste tre sesongane. 1991-93 gjorde Beardsley teneste i Everton FC. Frå sesongstart 1993 var han tilbake i Newcastle, der han i 1997 ikkje kunne hindre nedrykket til nivå 2 i ligasystemet.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Beardsley fekk sin landslagsdebut i Kairo i januar 1986 og spelte sin siste landskamp i Beijing i mai 1996. Under VM i fotball 1986 deltok han i alle Englands kampar, skåra eitt mål. To år seinare spelte han to kampar ved EM 1988, begge enda med engelsk tap. Han fekk mykje speletid i Fotball-VM 1990, var med heile semifinalen mot Tyskland og bronsekampen mot Italia. Gjennom 59 kampar for England skåra han 9 mål.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Soccerbase». Soccerbase. 19 June 2022. Henta 19 June 2022.