秦皇岛 | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Hebei |
Borgarmeister | Zhu Haowen |
Geografi | |
Flatevidd | 7 802,93 km² |
Flatevidd - By |
7812 km² |
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik |
2,805,400 359.1/km² |
Koordinatar | 39°56′N 119°36′E / 39.933°N 119.600°E |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 066000 |
Telefon-retningsnummer | 335 |
Bilnummer | C |
Heimeside: http://www.qhd.gov.cn/ | |
Nettstad: qhd.gov.cn | |
Plassering | |
![]() |
Qinhuangdao er ein kinesisk storby og hamneby nordaust i Hebei-provinsen ved kysten mot Bo Hai-bukta i Gulehavet. Han har status som byprefektur. Byen ligg aust for Beijing og nordaust for Tianjin, med Yanshan-fjella i nord. Folketalet i byen vart i 2007 oppgjeve til 776 000, medan heile prefekturet har 2,8 millionar innbyggarar.[1]
Qinhuangdao består av tre bydistrikt, tre fylke og eitt autonomt fylke:
Bynamnet tyder ordrett «Qin-keisaren si øy», og har sin bakgrunn i ein av keisarane under Qin-dynastiet (221-206 f.Kr.) som i 215 f.Kr. kom til dette området i håp om å finna piller som etter det som vart fortald skulle sikra han eit langt liv. Frå å vera ein liten fiskarlandsby har byen vakse til ein av dei strøste hamnebyane i det nordlege Kina.
Hamna vart opna for utenlandsfart i 1898. Byen er og blitt kraftig industrialisert, og den medfølgande forureininga av strendene har langt på veg teke knekken på badeturismen som og utvikla seg på 1900-talet.
Qinhuangdao har ei viktig oljehamn.
Badebyen Beidaihe ligg innan byprefekturet Qinhuangdaos grenser.