Rekhasim | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Fjellkjeder | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°44′55.78″N 35°6′2.89″E / 32.7488278°N 35.1008028°E | ||
Areal | 2,86 km² | ||
Folketal | 9 200 (2009)[1] | ||
Folketettleik | 3 217 / km² | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
- Bystatus | 1959 | ||
![]() Rekhasim 32°44′56″N 35°06′03″E / 32.748827777778°N 35.100802777778°E | |||
Wikimedia Commons: Rekhasim | |||
Rekhasim (hebraisk skrift רְכָסִים) er ein by (lokal kommune) i Haifa distrikt i Israel. Han ligg mellom Kiryat Tiv'on, Kiryat Ata og Nesher, ved hovudveg 70, 75 og 762.
Det er estimert at folketalet mot slutten av 2009 var 9 200.[1]
Han er kalla opp etter eit vers i Jesaja (Jesaja 40:4), fordi byen ligg på fire åsryggar. Han vart grunnlagd i 1951 av tidlegare soldatar og innbyggjarar frå nærliggande ma'abarot.[2]
Rekhasim ligg på fire åsar nær Karmelberget, avmerkt med hebraiske bokstavar (Hill Alef, Bet, Gimel og Dalet). Han grensar til to landsbyar i Zvulun regionale kommune: den jødiske Kfar Hasidim og den arabiske Ibtin.
Det lågaste punktet er 19,8 meter over havet, og det høgaste er 193,6 moh. Middeltemperaturen i januar er 11 ºC og 27 ºC i august. Årsmiddelnedbøren er 650 mm.[3]