I sjakk er remis, uavgjort, eitt av dei moglege resultata i eit parti - det andre moglege resultatet er vinst for den eine og tap for den andre spelaren.
Tradisjonelt har det i sjakkturneringar blitt gitt eit halvt poeng for remis til kvar av spelarane, eit poeng for vinst og null poeng for tap. Somme turneringar, mellom anna Grand Slam-finalen i Bilbao har tildelt 3 poeng for vinst, 1 poeng for remis og 0 for tap. Dette er eit av fleire tiltak for å hindre korte avtalte remisar og fremme kampsjakk.
I barnesjakkturneringar kan det bli gitt 3 poeng for vinst, 2 poeng for remis og 1 poeng for tap.
Fram til 1867 vart turneringsparti som vart remis spelt omatt. I turneringa i Paris i 1867 var det så mange parti som måtte spelast omatt, at det førte til problem med å få avvikla turneringa. The British Chess Association bestemte seg for å gje kvar spelar eit halvt poeng ved remis i staden for å spele eit nytt parti Sunnucks 1970.
For det meste blir eit sjakkparti remis fordi det oppstår ein situasjon der ingen av spelarane kan vinne.
Dei alminnelege sjakkreglane nemner følgjande typar remis:
I parti spelte med sjakklokke og bestemt tenketid er her eit par reglar til som kan medføre remis.
Artikkel 5 og 9 i Verdssjakkforbundet sine reglar for sjakk beskriv korleis eit sjakkparti kan ende i remis:
a) er i ferd med å oppstå, dersom spelaren først skriv trekket på noteringsskjemaet og erklærer til turneringsleiaren ho/han har til hensikt å utføre dette trekket, eller b) nettopp har oppstått og spelaren som krev remis er i trekket.
Stillingar blir rekna for å vere dei same, som beskrive i a) og b), når same spelar er i trekket, brikker av same slag og farge står på dei same felta, og alle moglegheiter for trekk er dei same for begge spelarane. Omgrepet moglegheiter for trekk handlar om retten til å slå en passant og rokade. Stillingar er ikkje dei same viss ein bonde som kunne ha blitt slått en passant ikkje lenger kan bli slått på denne måten. Når ein konge eller eit tårn er tvunge til å flytte seg, vil ikkje den eventuelle retten til å rokere falle bort før brikka er flytta.
a) spelaren skriv eit trekk på noteringsskjemaet og erklærer til turneringsleiaren at ho/han har til hensikt å utføre dette trekket som vil føre til at dei siste 50 trekka frå begge spelarar er utført utan bondetrekk og utan slag av brikke, eller b) dei siste 50 påfølgjande trekka frå begge spelarar er utført utan bondetrekk og utan slag av brikke.
Både for remiskrav etter 3 gongar stillingsgjentaking og 50-trekkregelen gjeld det, at spelaren må krevje remis før han røyver ei brikke. Viss spelaren ikkje krev remis på korrekt vis, misser ho/han retten til å krevje remis i dette trekket. Men retten kan naturlegvis oppstå på nytt seinare i partiet.
Når ein spelar krev remis etter reglane om 3 gongar stillingsgjentaking eller 50-trekkregelen, så har ho/han rett til å stoppe sjakklokka og tilkalle turneringsleiaren. Spelaren kan ikkje trekke kravet tilbake. Viss kravet er korrekt, er partiet straks remis. Viss kravet ikkje er korrekt blir motstandaren tildelt 3 minutt ekstra tenketid, og partiet held fram. Viss kravet var basert på eit trekk spelaren hadde til å utføre, så skal trekket utførast, i samsvar med reglane om rørt brikke osv.
Eit slikt remiskrav gjeld også som eit tilbod om remis, så motstandaren kan akseptere remisen utan at dommaren har tatt stilling til kravet. Når kravet er sett fram, kan det ikkje trekkast tilbake. Viss kravet er korrekt, eller motstandaren aksepterer remis, så er partiet over. Viss ikkje held partiet fram, og tilbodet om remis står ikkje lenger ved lag.
Dette er vanlegvis fordi det har oppstått ein stilling med utilstrekkeleg materiell til å matte, men dette er mogleg i mange andre stillingar også. Stillingar med utilstrekkeleg materiell til å matte er følgjande:
(1) Ein spelar som ønskjer å tilby remis, skal gjere det etter å ha utført eit trekk på sjakkbrettet og før ho/han trykker på klokka. Eit tilbod fremma på eit anna tidspunkt under spelet er likevel gyldig, men kan etter omstenda i tillegg sjåast på som å forstyrre motstandaren. Det kan ikkje knytast noko vilkår til remistilbodet. I begge tilfelle er tilbodet ugjenkalleleg og gyldig inntil motstandaren aksepterer det, avslår det muntleg, avslår det ved å røyve ei brikke med hensikta å flytte eller slå den, eller partiet blir avslutta på annan måte. (2) Remistilbod må noterast på noteringsskjemaet av begge spelarar med eit symbol, (=).
Ein spelar kan såleis tilby remis til motstandaren når som helst i partiet, vanlegvis fordi spelaren meiner at remis er det sannsynlege resultatet. Viss motstandaren aksepterer tilbodet, er partiet remis.
Det ei vanleg oppfatning at evig sjakk – der ein spelar gir ei serie med sjakkar som den andre spelaren sin konge ikkje kan kome seg unna - er remis, men her er faktisk ingen regel om dette. Men ein slik situasjon vil uansett kome inn under reglane for 3 gongar stillingsgjentaking og også 50-trekkregelen, eller meir sannsynleg: Regelen om avtalt remis.
Sjølv om reglane nemnde over er FIDE sine reglar, og dermed blir brukt i alle større turneringar, så kan det skje at andre reglar blir praktiserte på lågare nivå, særleg med omsyn til reglane om hurtigavslutning.
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Posisjon etter 121... Tb5+, remis etter 50-trekkregelen[3] |
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Remis på grunn av for lite materiell til å sjakkmatte[4] |
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Remis. Inga serie av lovlege trekk kan føre til sjakkmatt.Mednis 1990, s. 43 |
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Posisjon etter 67. f7, remis avtalt[5] |
I parti spelt med tenketid kan remis oppstå på andre vis.
Dette betyr at viss tenketida går ut for den som har konge og dronning mot konge, så er partiet remis. Viss tenketida går ut for den som har konge og løpar mot konge og springar, så er partiet tapt. Det er rett nok heilt usannsynleg at ein blir matt i ei slik stilling, men det er teoretisk mogleg.
På grunn av denne siste moglegheita har artikkel 10 i FIDE sine Reglar for sjakk følgjande regel:
a) Dersom turneringsleiaren er einig i at motstandaren ikkje gjer nokon innsats for å vinne partiet på normal måte, eller at det ikkje er mogleg å vinne på normal måte, skal ho/han erklære partiet remis. I motsett fall skal turneringsleiaren utsette avgjerda eller avvise kravet.
b) Dersom turneringsleiaren utset avgjerda, kan ho/han tildele motstandaren to minutt tillegg i tenketida. Partiet skal så fortsette, om mogleg med ein turneringsleiar til stades. Turneringsleiaren skal erklære det endelege resultatet seinare i partiet eller så snart som mogleg etter at ein klaff har falle, og tenketida har gått ut. Turneringsleiaren skal erklære partiet remis viss ho/han meiner at sluttstillinga ikkje kan vinnast på normal måte, eller at motstandaren ikkje gjorde tilstrekkelege forsøk på å vinne på normal måte.
c) Viss turneringsleiaren har avvist kravet, skal motstandaren tildelast to minutt ekstra tenketid.
d) Turneringsleiaren sine avgjerder etter a, b og c er endelege.
Denne regelen set store krav til turneringsleiarane sin kompetanse.
I sjakkparti spelt på høgt nivå, er remis det vanlegaste resultatet. Av om lag 22.000 parti publisert i The Week in Chess spelt mellom 1999 og 2002 av spelarar med FIDE-rating på 2500 eller meir, så var 55 % remis. Ei kjelde opplyser at om lag 36 % av parti spelt mellom dei beste sjakkprogramma på datamaskiner er remis.[6]
Stormeister i sjakk Jurij Averbakh oppgir desse moglegheitene til kombinasjonar for den svakare parten til å oppnå remis: