Revheim kyrkje | |||
kyrkje | |||
Revheim kyrkje
Foto: Nina Aldin Thune | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Ytre Stavanger | ||
Sokn | Hafrsfjord | ||
Fellesråd | Stavanger | ||
Arkitekt | Hans Ditlev Franciscus von Linstow | ||
Teknikk | Laft | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 20. september 1865 | ||
• Endringar | 1954, rest. 1993, 2013–14 | ||
Klokker | 2, Olsen Nauen (1993) | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Altartavle | 1865 | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Revheim kyrkje 58°57′08″N 5°38′39″E / 58.952298°N 5.64406194°E | |||
Wikimedia Commons: Revheim kirke |
Revheim kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1865 i Stavanger kommune i Rogaland. Til grunn for kyrkja ligg typeteikningar av H.D.F. Linstow. Revheim kyrkje er soknekyrkje for Hafrsfjord og har om lag 300 sitjeplassar.[1]
Kyrkja vart restaurert og fornya i 1954, mellom anna med nytt korparti og eit nytt tilbygg mot aust. Det vart òg sett inn eit nytt altar, med altartavle måla av stavangermålaren Thoralf Gjesdal.
Revheim kyrkje vart delvis øydelagt i brann 1. august 1992 då to gutar på 17 år braut seg inn og sette fyr på altaret. I dagane før brannen vart ein kross frå ei gravstøtte utanfor kyrkja plassert opp ned utvendig på kyrkjeveggen. Brannen øydela altartavla måla av Gjesdal, og den gamle altartavla vart då teken i bruk att. Kyrkja vart gjenopna etter brannen 4. april 1993.[2]
Kyrkja vart rehabilitert i 2013–14.[3]
Revheim kyrkje har eigen kyrkjegard.