Ytre Stavanger prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Madlamark. Prostiet vart oppretta 1. januar 2006, då 5 sokn frå Tungenes prosti (Madlamark, Hafrsfjord, Sunde, Tasta og Vardeneset) og 3 sokn frå Stavanger domprosti (Hinna, Hillevåg og Gausel) vart slått saman til eit nytt prosti. I denne prosessen i bispedømmet vart og gamle Karmsund prosti delt i nye Haugesund prosti og Karmøy prosti.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Prostiet var tidlegare inndelt i prestegjeld og sokn. Prestegjelda vart fasa ut av Den norske kyrkja frå 2004 med Nærøy prosti i Nidaros bispedømme som det fyrste til å leggje om til nyordninga 17. juni 2004.[2] Frå 2012 gjekk det også ut av lovverket.[3]
Per 2017 var det åtte sokn i prostiet: Gausel, Hilllevåg, Hinna, Hafrsfjord, Madlamark, Sunde, Tasta og Vardeneset.[4]