Rugder | |
![]() Amerikarugde, Scolopax minor Foto: Flicr brukar: guizmo_68
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Rugder Scolopax Linnaeus, 1758 |
Rugder er ei gruppe på sju svært like nolevande artar av vadefuglar i slekta Scolopax. Berre to rugder har vid utbreiing på den nordlege halvkula, dei andre er lokale øyendemiske artar i Søraust-Asia, nord og sør for ekvator. Dei næraste slektningane deira er sniper i slekta Gallinago.[1]
Rugder har tettvaksne kroppar, kryptiske brun og gråsvart fjørdrakt og lange slanke nebb. Auga deira er plassert på sidene av hovudet, noko som gjev dei synsfelt på 360 °.[2] Spesielt for rugder, og i motsetnad til dei fleste andre fuglar, er at spissen på overkjeven av nebbet er bøyeleg.[3]
Rugder er typiske skogsfuglar. Dei beitar om natta eller om kvelden etter virvellause dyr i mjuk mark med dei lange nebba sine. Denne vanen og den kamuflasjefarga fjørdrakta gjer det vanskeleg å oppdage dei når dei kviler på dagtid. Dei fleste har karakteristiske spelflukt kjent som rugdetrekk, vanlegvis gjeve ved daggry eller i skumringa.[4]
Alle rugder er populære jaktfuglar; øyendemiske artar er ofte ganske sjeldne allereie pga. høgt jaktpress. Rugdefjører er mykje verdsette som penselbustar av kunstnarar, som brukar dei til fint måleriarbeid.[5] Det er dekkfjører over hovudhandsvingfjøra på vengen som brukast.
Rugder i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]