Snipefamilien
Brushane (Philomachus pugnax) Foto: Marek Szczepanek
Brushane (Philomachus pugnax)
Foto: Marek Szczepanek
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Rafinesque, 1815

Snipefamilien er ein stor biologisk familie Scolopacidae av små til mellomstore vadefuglar med kosmopolitisk utbreiing. Dei omfattar flest artar med fellesnamnet sniper, dessutan steinvendarar, spovar, bekkasinar, rugder og symjesniper. Dei fleste av desse artane et små virvellause dyr plukka ut av gjørme eller jord. Ulike nebb frå art til art gjer det mogleg for fuglar av mange artar å beite i same habitat, særleg på kysten, utan direkte konkurranse om føda mellom artane.

Skildring

Sniper lever i strandsoner, langs kystar og i våtmarker. Berre få artar er tilpassa tørrare habitat. Kjenneteikna er generelt relativt lange bein og ofte middels til lange nebb for å søkje føde i jord, gjørme, tang eller under steinar. Dei lever av makk, blautdyr, krepsdyr, småfisk, insekt og insektlarver, og dels av føde frå planter. To symjesnipartar lever pelagiske utanom hekkesesongen. Nebba hos mange er kjenslevare, slik at fuglane føler seg fram når dei søkjer etter mat. Dei fleste artane har tynnt nebb, men elles er nebbform og lengd ganske variabel.

Sniper varierer i storleik frå pygmésnipe, på så lite 11 centimeter og 18 gram, til austspove, som kan bli opptil 66 centimeter i lengd og vege 1 kg. Dei har generelt lite iaugefallande fjørdrakter, med kryptiske brun, grå eller stripa mønster, sjølv om nokre viser klårare farger i hekkesesongen.[1]

Mange artar hekkar på opent land og på den arktiske tundraen i Nord-Europa og Sibir, i resten av Europa finn ein sniper berre under fugletrekk og om vinteren i tette flokkar ved kysten og i våtmarker.

Dei fleste artane hekkar i opne område, og forsvarer territoria sine frå lufta. Reiret i seg sjølv er ei enkel grop i bakken der fuglen typisk legg tre eller fire kamuflasjefarga, konisk til ovalforma egg. Ungane av dei fleste artane er mykje utvikla ved klekking.[1] Ungane forlèt reiret raskt og søkjer sjølv føde, men ein eller begge foreldre er i nærleiken for å overvake og å varme ungane. Hos dei fleste artane er begge foreldra involverte i omsut for egg og ungar. Blant unntaka, der berre hoa tar omsut for egg og ungar, er brushane. Og hos symjesnipene er rollene snudd. Her vil berre hannane ruge egga og deretter ha omsut for ungane.

Artslista

Snipefamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Bartramia

Slekt Numenius

Slekt Limosa

Slekt Arenaria

Slekt Prosobonia

Slekt Calidris

Slekt Limnodromus

Slekt Lymnocryptes

Slekt Scolopax

Slekt Coenocorypha

Slekt Gallinago

Slekt Xenus

Slekt Phalaropus

Slekt Actitis

Slekt Tringa

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 Harrison, Colin J.O. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 103–105. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snipefamilien