Ryta Turava | |
Statsborgarskap | Belarus |
Fødd | 28. desember 1980 (43 år) Dubroŭna |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Marharyta Mikalajeuna Turava, kjend som Ryta Turava, (fødd 20. desember 1980) er ein kviterussisk tidlegare kappgjengar frå Vitebsk som i 2006 vart europameister på 20 km, året etter ho vann VM-sølv på distansen.
Turava fekk sitt gjennombrot då ho under Sommar-OL 2004 i Aten gjekk inn til fjerdeplass, 14 sekundar attom bronsevinnaren. Året etter vann ho sølvmedaljen på distansen i verdsmeisterskapen i Helsinki. Våren 2006 vann ho i spanske La Coruna ei tevling i verdscupen i kappgang på den gode tida 1.26.27. Ved europameisterskapen i Göteborg seinare i 2006 gjekk Turava i mål til ein ein suveren siger, bort i halvtanna minutt føre dei to andre medaljevinnarane.