For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sachsenhausen (fleirtyding).
Sachsenhausen

Kart
Sachsenhausen
52°45′58″N 13°15′45″E / 52.7662°N 13.2624°E / 52.7662; 13.2624

Sachsenhausen var ein tysk konsentrasjonsleir hovudsakleg for politiske fangar som var i drift frå 1936 til 1945. Leiren vart teken over av Sovjetunionen i 1945, og i august same år vart Speziallager Nr. 7 flytt til anlegga der. Leiren vart endeleg nedlagd i 1950.

Sachsenhausen ligg i Oranienburg, kring 35 km nord for Berlin. Han erstatta ein tidlegare leir for politiske fangar som vart oppretta etter at nazistane kom til makta i Tyskland i 1933. Leiren hadde ei spesiell stilling blant tyske konsentrasjonsleirar sidan hovudkvarteret og utdanninga av SS-vakter låg i nærheita av leiren.

Historie

Frå leiren vart oppretta i 1936 til slutten på krigen i 1945 sat kring 200 000 registrerte fangar fengsla her. Leiren var planlagd med ein kapasitet på 12 000 fangar, men enkelte år var belegget gjennomsnittleg kring 60 000. Ein trur at kring 100 000 døydde på grunn av sjukdom, underernæring, vald frå vaktarane, grufulle medisinske eksperiment og lungebetennelse på grunn av kulda. Mange vart dessutan avretta, blant anna Martin Niemöller. Fangar som vart sende direkte til avretting vart ikkje registrerte i leiren, så det totale dødstalet er ukjent.

Dei fyrste fangane som vart sende til Sachsenhausen frå 1936 var tyske politiske fangar. Frå sommaren 1938 vart talet på fangar større med såkalla «asosiale», det vil seie sigøynarar, homoseksuelle, Jehovas vitne, tidlegare straffa og andre som av naziregimet vart definerte som uynskte ut frå kva etnisk eller sosial folkegruppe dei høyrde til. Etter Anschluss same år byrja tilstrøyminga av utanlandske politiske fangar, i denne omgangen frå Austerrike. Etter utbrotet av andre verdskrigen i 1939 følgde ein straum av politiske fangar frå tyskokkuperte land.

Dei 6000 fyrste jødane kom til Sachsenhausen etter ei arrestasjonsbølgje i november 1938. Dei fleste attlevande jødiske fangane vart transporterte til Auschwitz i 1941.

Frå 1941 vart Sachsenhausen utvida med avsondra spesialleirar for krigsfangar, i fyrste rekkje sovjetiske.

Avrettingar og medisinske eksperiment

Sachsenhausen var ikkje ein utryddingsleir, men ein interneringsleir. Likevel vart det også gjort organiserte massedrap på fangegrupper i denne leiren. I 1941 fekk leiren eit eige «nakkeskotanlegg» med portable krematorieomnar som vart brukte til å drepe 14 500 sovjetiske krigsfangar. Hitler hadde gjeve ordre om at 18 000 krigsfangar skulle døy - resten av kvoten vart fylt ved at fangar svolt i hel eller døydde av sjukdom. I 1942 vart det bygt eit eige «avrettingssenter», Station Z, med kapasitet for utrydding av menneske i industrielt tempo. I 1943 fekk denne avdelinga også sitt eige gasskammer. Station Z vart også brukt som reserverettarstad for Berlin, særleg i samband med masseavrettingar.

Gjennom heile krigen vart det utført medisinske eksperiment i Sachsenhausen, der fangar mellom anna vart utsette for sennepsgass eller med overlegg påført dødelege sjukdommar.

Porten til Sachsenhausen

På porten inn til Sachsenhausen står det skrive det seinare kjende sitatet Arbeit macht frei (arbeid frigjer).

Norske fangar i Sachsenhausen

Dei fleste norske fangane sat fanga i Sachsenhausen. 3 240 nordmenn kom til Sachsenhausen, men mange av dei vart sende vidare til andre konsentrasjonsleirar. 2 000 nordmenn sat her i lengre tid, mellom anna dei overlevande frå Telavåg og Kvarstad-båtane. Til saman døydde om lag 200 nordmenn i Sachsenhausen.

Frå sommaren 1943 fekk dei norske fangane, etter påtrykk frå den internasjonale Raudekrossen, som i samarbeid med nordmenn i Tyskland hadde klart å lokalisere dei, lov til å motta matpakkar frå Raudekrossen. Dei kom dermed i ein betre situasjon enn mange av medfangane.

Krigsslutt og fridom

Før slutten på krigen vart 33 000 fangar tvinga til å marsjere vestover saman med vaktene. Formålet var å eliminere mange av fangane ved å drive dei til Austersjøkysten, og deretter laste dei om bord i skip som skulle senkast. Tusentals fangar som kollapsa vart skotne av SS-vaktene. Dei som overlevde så lenge, vart fridde av sovjetiske, amerikanske og engelske styrkar i byrjinga av mai. Om lag 3 000 mannlege og 2 000 kvinnelege fangar vart etterlétne i leiren som sjuke og døyande.

22. april 1945 vart leiren frigjord av ein fortropp frå 47. sovjetiske armé og 1. polske armé.

Etter krigen vart Sachsenhausen-leiren liggjande i den sovjetiske okkupasjonssona. Bygningane vart bruka fram til 1950 under namnet Speziallager Nr. 7 - Sachsenhausen og (frå 1948) Speziallager Nr. 1. Leirområdet vart endeleg nedlagt i 1950.

Sachsenhausen i dag

I dag er Sachsenhausen open for ålmenta og teken vare på som eit museum. Fleire bygningar og konstruksjonar har overlevt, eller er vortne rekonstruerte. Mellom desse er inngangspartiet, vakttårn, kremasjonsomnar og brakker. Det finst også ein stor obelisk og statue som vart reist av sovjetarane etter krigen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Nettstader
Litteratur