Linn T. Sunne med diplomet i 2012. Skolebibliotekarforeningens litteraturpris er ein skjønnlitterær pris oppretta i 1982 . Prisen vert utdelt av Skolebibliotekarforeningen i Norge som ein honnør og ein stimulans til ein forfattar av norsk barne- og ungdomslitteratur. Prisen vert gjeve for eit samla forfattarskap eller delar av det. Prisen består av ein diplom og eit verk av ein norsk kunstnar.
1982 – Beate Audum for Ser deg siden Donna og Paraplytreet
1983 – Philip Newth for samla forfattarskap
1984 – Zinken Hopp for samla forfattarskap
1985 – Jon Bing for barne- og ungdomsbøkene hans
1986 – Tor Åge Bringsværd for barne- og ungdomsbøkene hans
1987 – Torvald Sund for Første tørn på Havterna og øvrige barne- og ungdomsbøker
1988 – Mette Newth for Bortførelsen
1989 – Torill Thorstad Hauger for dei historiske romanane hennar for born og ungdom
1990 – Stig Holmås for Apacheindianerne
1991 – Ole Røsholdt for Solen som sloknet , Jakob Gjøgler og Den rette kongen
1992 – Erna Osland for Kryssord og Reisa til Maria
1993 – Jostein Gaarder for Kabalmysteriet , Sofies verden og Julemysteriet
1994 – Kjersti Scheen for det samla forfattarskapet, og spesielt Månefeen og Kaperøya
1995 – Torun Lian for Bare skyer beveger stjernene
1996 – Paul Leer-Salvesen for «Englebarn»-bøkene
1997 – Tormod Haugen for Georg og Gloria
1998 – Egil Hyldmo for Ulveboka
1999 – Bjørn Sortland for Raudt, blått og litt gult , Forteljinga om jakta på forteljinga og Å venta på regnbogen
2000 – Svein Nyhus for Verden har ingen hjørner
2001 – Finn Øglænd for Dei penaste jentene på TV
2002 – Thore Hansen for «Skogland»-serien
2003 – Hilde Hagerup for Løvetannsang
2004 – Eirik Newth for Sola , Månen , Stjernene , Planetene
2005 – Jon Ewo for Svart. Og cirka hvitt
2006 – Marit Nicolaysen for bøkene om Svein og rotta
2007 – Arne Svingen for barne- og ungdomsbøkene hans
2008 – Ingunn Aamodt for barne- og ungdomsbøkene hennar
2009 – Bjørn Arild Ersland for barne- og ungdomsbøkene hans
2010 – Endre Lund Eriksen for barne- og ungdomsbøkene hans
2011 – Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig for biletbøkene deira[1]
2012 – Linn T. Sunne for barne- og ungdomsbøkene hennar[2]
2013 - Lars Mæhle for barne- og ungdomsbøkene hans [3]