Torvald Sund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. juli 1952 (71 år) Råkvågen |
Yrke | skribent |
Torvald Sund (fødd 3. juli 1952 i Råkvåg i Rissa) er ein norsk forfattar og dramatikar som er busett i Levanger.
Det går tre trådar gjennom Sunds forfattarskap. Like frå debuten har han vist ein lojalitet mot underklassa, minoritetane og dei utstøytte. Dette kjem blant anna til uttrykk i dei tidlege bøkene frå sørsamisk miljø, i novellesuiten Knivkastarens son og i Siste ytre frå nyfattigdommens Noreg. For det andre har han eit episk talent knytt til historier og miljø frå sin eigen oppvekst i kystkulturen, som kjem til uttrykk i novellene Sjømannen og Vårherre og endå sterkare i hans førebels einaste store roman, Seglet og dansen.
Ikkje minst har han òg sterke røter i ein folkeleg lygarsoge-tradisjon der målande karakteristikkar og utrulege hendingar veks fram i ei sjølvforsterkande fantasiverd. Dei to populære bøkene om Onkel Oskar er dei tydelegaste døma på dette. Stoffa vart òg filmatisert i 1997[1][2][3] med blanda suksess. Problemet med filmen var langt på veg at humoren i bøkene ligg i eg-personen sin tankemonolog.
Dei siste åra har Sund arbeidd meir med dramatikk. Monologen Brenn draumane mine på Callios rei blei framført hausten 2006 på Trøndelag Teater under tittelen Takoradi - historia til ein sjømann. To historiske spel med tilsynelatande ulik tendens hadde premiere i høvesvis Vikna og Levanger i 2005 og 2006. Felles for stykka er identifikasjonen med interessene til underklassa.
Det er først og fremst den truverdige framstillinga, den beinframme realismen og ein allmennmenneskeleg appell som gjer forteljingane levande, og ofte spelar vonløysa på lag med ein humor som hevar tekstane.
Juryen for nynorsk barnelitteraturpris om Knivkastarens son[4]
|