Slave to Love Singel av Bryan Ferry frå albumet Boys and Girls | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. april 1985 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:59 (7″-miks) 5:56 (12″-miks) 4:26 (album) | |
Selskap | E.G. Records | |
Komponist | Bryan Ferry | |
Tekstforfattar | Bryan Ferry | |
Låtskrivar(ar) | Bryan Ferry | |
---|---|---|
Produsent | Bryan Ferry Rhett Davies | |
Bryan Ferry-kronologi | ||
«That's How Strong My Love Is» (1978) |
Slave to Love | «Don't Stop the Dance» (1985)
|
«Slave to Love» er ein song av Bryan Ferry. Det var den første singelen den tidlegare Roxy Music-songaren gav ut i 1985 frå albumet Boys and Girls, og ein av dei mest populære solosongane hans. Singelen kom ut 28. april 1985 og låg ni veker på singellista i Storbritannia, der han nådde tiandeplassen. I Noreg nådde singelen femteplassen på VG-lista og låg seks veker på lista. B-sida til singelen var instrumentalen «Valentine». Det vart òg gjeven ut ein 12" miks av singelen.
Over to månader seinare framførte han songen på Live Aid på Wembley Stadium i London.
Med på songen er Neil Hubbard og Keith Scott på sologitar,[1] Dire Straits-medlemmet Guy Fletcher på klaverinstrument, Omar Hakim på trommer og Tony Levin på bassgitar.
Ein musikkvideo vart regissert av Jean-Baptiste Mondino med den svenske modellen Christine Bergström, den franske modellen Laurence Treil, den nederlandske modellen Marpessa Hennink, Jillian King, Fabrice Langlade, Olivier Poivre og Richard Teophile.
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[2] | 29 |
Canadian Singles Chart | 76 |
UK Singles Chart | 10 |
Irish Singles Chart | 8 |
Den tyske singellista | 30 |
Den sveitsiske singellista[3] | 18 |
Nederlandsk Topp 40 | 33 |
Den franske singellista | 45 |
Den belgiske singellista | 10 |
Den norske VG-lista | 5 |
Den australske singellista | 29 |
Den newzealandske singellista | 11 |
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Tony Hadley, Willy DeVille, Elan Atias, Jimmy Scott, Martha Wainwright og Dan Kelly og Róisín Murphy
The Bryan Ferry Orchestra | |
Soloalbum |
|
Samlealbum |
|
Singlar |
|
Tilknytte artiklar |
|