Spellemannprisen 2010 vart delt ut i Oslo Spektrum i Oslo laurdag 5. mars 2011.

Ved påmeldingsfristen 30. november 2010 var det påmeldt 711 utgjevingar.[1] Ut frå desse vart dei nominerte til 21 sjangerklassar plukka ut og offentleggjort 17. januar. 11. februar vart dei nominerte til årets musikkvideo offentleggjort, medan dei nominerte til årets hit vart offentleggjort den 18. februar. Prisvinnarane vert bestemt av juryar, med unntak av årets musikkvideo og årets hit der publikum røystar fram vinnaren. Nytt av året var klassene årets fan og årets innovatør. Årets fan vart utdelt på TV 2 dagen før sjølve utdelinga medan årets innovatør vart utdelt av Spotify og skjedde under sjølve utdelingen. Dei nominerte for desse klassene vart offentleggjort den 25. februar. For fyrste gong vart det også utdelt to prisar i klassa årets musikkvideo; ein til artisten og ein til regissøren.

Prisutdelinga vart overført same kvelden på TV 2 med Solveig Kloppen og Ivar «Ravi» Johansen som programleiarar. Kloppen og Johansen var også programleiarar året før.

Vinnarar

Klasse Artist Tittel Plateselskap
Kvinneleg artist Ingrid Olava The Guest Universal Music
Mannleg artist Thom Hell All Good Things Voices Music and Entertainment
Popgruppe Kråkesølv Bomtur til jorda Kråkesølv Plateselskapet / Grand Sport Records
Elektronika Lindstrøm & Christabelle Real Life Is No Cool Smalltown Supersound
Samtidsmusikk Edvin Østergaard Die 7. Himmelrichtung Lawo Classics
Rock Kvelertak Kvelertak Indie Recordings
Blues Billy T Band L.O.V.E. (Just a Silly Notion) Big H Records
Country Ida Jenshus No Guarantees Universal Music
Metal Enslaved Axioma Ethica Odini Indie Recordings
Hip-hop Lars Vaular Helt om natten, helt om dagen Cosmos Music Group
Folkemusikk/gammaldans Unni Boksasp Ensemble Keramello Øra Fonogram
Danseorkester Ole Ivars Stjerneklart Tylden & co
Jazz Elephant9 Walk the Nile Rune Grammofon
Klassisk musikk TrondheimSolistene In Folk Style Lindberg Lyd / 2L
Viser Narum Ælt som var søkk borte Warner Music Norway
Open klasse Jaga Jazzist One-Armed Bandit Universal Music
Barneplate Rasmus og Verdens Beste Band Puppan te pappa MBO / MBN
Årets samtidskomponist Nils Henrik Asheim Mazurka – remaking Chopin Lawo Classics
Årets populærkomponist Susanne Sundfør The Brothel EMI Music Norway
Årets tekstforfattar Erik Fosnes Hansen Neste stasjon Grorud Daworks Records
Årets nykomar Kvelertak Kvelertak Indie Recordings
Årets hit MadCon «Glow»
Årets musikkvideo Yoga Fire «Superkul med kniv» regi: Thomas Gretland
Regissør årets musikkvideo Thomas Gretland «Yoga Fire - Superkul med kniv»
Årets fan Anne Lise Kasenborg D.D.E.
Årets innovatør Lars Vaular [2]
Årets Spellemann Karpe Diem Aldri solgt en løgn Cosmos Music Group
Heiderspris a-ha
Produsentpris Stargate

Nominerte

Kvinneleg artist:

Mannleg artist:

Popgruppe:

Elektronika:

Samtidsmusikk:

Rock:

Blues:

Country:

Metal:

Hip-hop:

Folkemusikk/Gammaldans:

Danseorkester:

Jazz:

Klassisk musikk:

Viser:

Open klasse:

Barneplater:

Tekstforfattar:

Populærkomponist:

Samtidskomponist:

Årets nykomar:

Årets musikkvideo:

Årets hit:

Årets innovatør:

Årets fan:

Kjelder

Referansar