Steve Holley | |||
| |||
Fødd | ca. 24. august 1954 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1978– | ||
Instrument | trommesett | ||
Verka som | musikar, trommeslagar |
Stephen Jeffrey Holley (fødd 24. august 1954 i London i England) er ein engelsk trommeslagar. Han var medlem av rockebandet Wings frå august 1978 til april 1981.
I løpet av karrieren frå tidleg i 1970-åra har han spelt med mange artistar som studiomusikar, som Paul McCartney, Elton John, Kiki Dee, G.T. Moore & The Reggae Guitars, Joe Cocker, Ian Hunter, Julian Lennon,[1] Dar Williams, Richard Barone, Ben E. King og Chuck Berry.[2] I 1978, kort tid etter han hadde spelt på Elton John-singelen «Ego», førte eit tilfeldig møte på ein pub i heimsbyen Staines med Denny Laine til at han vart invitert med i Wings. Holley var seinare medlem av Jules Shear sitt band, Reckless Sleepers.
Steve har turnert i fleire år med Ian Hunter som medlem av Ian Hunter's Rant Band.