Wild Life Studioalbum av Wings | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. desember 1971 | |
Innspelt | 25. juli – 2. august 1971 | |
Studio | Abbey Road Studios, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 39:39 | |
Selskap | Apple | |
Produsent | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
Ram | Wild Life | Red Rose Speedway (1973)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | C– |
The Essential Rock Plateography | 4/10[2] |
MusicHound | 2.5/5[3] |
Q | [4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Wild Life er debutalbumet til Wings og det tredje studioalbumet til Paul McCartney etter oppløysinga av The Beatles. Albumet vart spelt inn i juli og august 1971 i Abbey Road Studios av McCartney og kona hans Linda i lag med studiotrommisen Denny Seiwell, som dei hadde arbeidd med på det førre albumet, Ram, og Denny Laine, som tidlegare hadde spelt i The Moody Blues. Albumet kom ut på Apple Records den 7. desember i både Storbritannia og USA og fekk lunken mottaking både av kritikarane og kommersielt.
I juli 1971 hadde McCartney ei rekkje ferske songar, og det nydanna Wings spelte inn albumet på berre litt over ei veke med tanken om at det skulle vere umiddelbart og rått for å fange det friske og vitale i ei live studioinnspeling. Fem av dei åtte songane vart spelte inn på eitt forsøk. Paul McCartney sa seinare at dei kortvarige innspelingane til Bob Dylan var ein inspirasjon til dette.[6] Den første innspelinga vart halde i Abbey Road Studios den 25. juli.[7] McCartney vart filma då han spelte «Bip Bop» og «Hey Diddle», på denne tida, som seinare kom med i fjernsynsfilmen Wings Over the World.[8]
Albumet vart øvd inn i studioet til McCartney i Skottland, kalla Rude Studio, som Paul og Linda hadde brukt til å lage demoar av songane dei skulle ta med på albumet. Sjølve albumet vart spelt inn i Abbey Road med Tony Clark og Alan Parsons som lydteknikarar. Ein kan høyre Paul sei «Take it, Tony» i byrjinga av «Mumbo». Paul song alle songane sjølv, men hadde med seg Linda på «I Am Your Singer» og «Some People Never Know». Denny Laine og Linda McCartney syng korvokal på «Tomorrow».[9]
På albumet «The Complete Audio Guide to the Alan Parsons Project», fortel Alan Parsons at han laga ein røff miks av «I Am Your Singer» som Paul likte så godt at han brukte denne som den endelege miksen på albumet.
Wild Life inneheld ein reggae-versjon av Mickey & Sylvia sin hit «Love Is Strange» frå 1957.[9] Det vart distribuert ein singel av denne songen i desember 1971, men han kom aldri i sal fordi albumet selde så dårleg.[8]
Albumet fekk lunken mottaking då det kom og nådde 11. plassen i Storbritannia og 10. plassen i USA, der det selde til gullplate. I The Beatles: An Illustrated Record skriv Roy Carr og Tony Tyler at albumet er eit «hastverksarbeid, defensivt, med dårleg timing og for mykje omtalt» og skreiv at det synte botnnivået i låtskrivinga til McCartney, «akkurat når han trong litt respekt».[10]
Alle songar er skrivne av Paul og Linda McCartney, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Mumbo» | 3:54 |
2. | «Bip Bop» | 4:14 |
3. | «Love Is Strange» (Mickey Baker, Sylvia Vanderpool, Ethel Smith) | 4:50 |
4. | «Wild Life» | 6:48 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Some People Never Know» | 6:35 |
6. | «I Am Your Singer» | 2:15 |
7. | «Tomorrow» | 3:28 |
8. | «Dear Friend» | 5:53 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Mumbo» | 3:54 |
2. | «Bip Bop» | 4:14 |
3. | «Love Is Strange» (Baker, Smith) | 4:50 |
4. | «Wild Life» | 6:48 |
5. | «Some People Never Know» | 6:35 |
6. | «I Am Your Singer» | 2:15 |
7. | «Bip Bop Link» | 0:52 |
8. | «Tomorrow» | 3:28 |
9. | «Dear Friend» | 5:53 |
10. | «Mumbo Link» | 0:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Give Ireland Back to the Irish» (Debutsingelen til Wings. Sidan bannlyst av BBC.) | 3:46 |
12. | «Mary Had a Little Lamb» (Andre singelen til Wings.) | 3:34 |
13. | «Little Woman Love» (B-side til «Mary Had a Little Lamb») | 2:11 |
14. | «Mama's Little Girl» (av Paul McCartney, først gjeve ut i 1990 som B-side til «Put It There») | 3:41 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | ««Give Ireland Back to the Irish (version)»» (Instrumental versjon.) | 3:47 |
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Paul «Wix» Wickens · Rusty Anderson · Brian Ray · Abe Laboriel Jr.
Linda McCartney · Hamish Stuart · Robbie McIntosh · Chris Whitten · Blair Cunningham | |
Studioalbum | McCartney · Ram (med Linda McCartney) · McCartney II · Tug of War · Pipes of Peace · Give My Regards to Broad Street · Press to Play · Снова в СССР · Flowers in the Dirt · Off the Ground · Flaming Pie · Run Devil Run · Driving Rain · Chaos and Creation in the Backyard · Memory Almost Full · Kisses on the Bottom · New |
Studioalbum med Wings | |
Klassiske album | The Family Way · Thrillington · Paul McCartney's Liverpool Oratorio · Standing Stone · Working Classical · Ecce Cor Meum · Ocean's Kingdom |
Electronica-album | Strawberries Oceans Ships Forest (The Fireman) · Rushes (The Fireman) · Liverpool Sound Collage · Twin Freaks · Electric Arguments (The Fireman) |
Konsertalbum | Wings over America · Tripping the Live Fantastic · Unplugged (The Official Bootleg) · Paul Is Live · Back in the U.S. · Back in the World Live · Amoeba's Secret · Good Evening New York City · Live in Los Angeles · iTunes Live from Capitol Studios |
Samlealbum | Wings Greatest · Cold Cuts (unreleased) · All the Best! · The Paul McCartney Collection · Costello Album (bootleg) · Wingspan: Hits and History · Pure McCartney |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songar · Paul is dead · «Lisa the Vegetarian» · The Quarrymen · The Beatles · Wings · Heather Mills |