Flaming Pie Studioalbum av Paul McCartney | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. mai 1997 | |
Innspelt | 3. september 1992 («Calico Skies» og «Great Day»); 22. februar – 11. mai 1995; 1. november 1995 – 14. februar 1997 | |
Studio | Abbey Road Studios i London; Sun Valley i Idaho; The Mill i Sussex; AIR Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 53:47 | |
Selskap | Parlophone (Storbritannia) Capitol (USA) | |
Produsent | Paul McCartney, Jeff Lynne, George Martin | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
Strawberries Oceans Ships Forest (1993) |
Flaming Pie | Standing Stone (1997) |
Singlar frå Flaming Pie | ||
|
Flaming Pie er det tiande studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1997. Det var det første studioalbumet hans på over fire år, og vart stort sett spelt inn etter McCartney hadde arbeidd med det populære Beatles Anthology-prosjektet.[1] Albumet vart spelt inn fleire stader i ein periode på to år, og to songar var frå heilt attende til 1992. Fleire vener og familie av McCartney, mellom anna sonen hans, James McCartney, spelte på plata. I notata i omslaget til Flaming Pie sa McCartney: «[The Beatles Anthology] minna meg om The Beatles-standarden og standarden som me nådde med songane. Så på ein måte var det eit oppfriskingskurs som sette ramma for dette albumet.»[2]
Flaming Pie nådde andreplassen i både Storbritannia og USA og selde til gullplate. Albumet fekk god kritikk og nådde òg Topp 20 i mange andre land. Ti år etter albumet kom ut, hadde det selt over 1,5 millionar eksemplar.
«Calico Skies», som Paul McCartney hadde skrive då orkanen Bob råka Long Island medan McCartney var der i 1991,[3][4] og «Great Day», med korvokal frå kona Linda McCartney,[4] kom frå ei innspeling i 1992[5][3] sjølv før Off the Ground hadde kome ut. Frå 1995 og dei neste fire åra[6] var McCartney oppteken med The Beatles Anthology, som dokumenterte soga til The Beatles.[7] Dokumentaren heitte The Long and Winding Road, kalla opp etter Beatles-songen med same namn.[7] Frå 1995 kom Anthology-albuma ut over ein toårsperiode, og EMI ønskte ikkje å gje ut nokre soloalbum av Mccartney i mellomtida.[1] McCartney sa han «var nesten fornærma i byrjinga» før han forstod at «det var dumt å konkurrere mot seg sjølv og The Beatles. Så eg gjekk med på tanken deira.[1] McCartney var oppteken med Standing Stone i mellomtida.[1]
Tittelen Flaming Pie er ein referanse til ein anekdote som John Lennon forlate i ein artikkel i Mersey Beat i 1961 om opphavet til namnet The Beatles: «Det kom i eit syn - ein mann dukka opp på ein pai i flammer (flaming pie) og sa til dei, 'frå i dag er de Beatles med ein A.'»[1][8]
Frå og med februar 1995 slo McCartney seg saman med Jeff Lynne,[9] frontmann og produsent frå Electric Light Orchestra, som var ein lidenskapleg Beatles-fan. Lynne hadde tidlegare arbeidd med Beatles-medlemmet George Harrison i 1987 på albumet hans Cloud Nine og i Traveling Wilburys, og var òg medprodusent på «Free as a Bird» og «Real Love» for Anthology-prosjektet. Planen var å produsere noko reint og enkelt - og utan utførleg produksjon. McCartney spelte inn albumet sporadisk over to år, og arbeidde ikkje berre med Lynne, men òg med Steve Miller,[10] George Martin, Ringo Starr og sonen James McCartney,[1] som spelte sologitar på «Heaven on a Sunday».[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [11] |
Deseret News | (særs positiv)[12] |
Encyclopedia of Popular Music | [13] |
The Great Rock Diskografi | 6/10[14] |
Los Angeles Times | [15] |
MusicHound | [16] |
The New York Times | (middels)[17] |
Q | [18] |
Rolling Stone | [19] |
Albumet fekk gode meldingar då det kom ut i mai 1997. Med fersk kredibilitet, sjølv hos yngre fans som vart introduserte for McCartney gjennom Anthology-prosjektet,[1] debuterte albumet på andreplassen i Storbritannia. Berre Spice Girls-albumet Spice heldt albumet unna topplassen.[20] Flaming Pie fekk òg positiv respons i USA,[21] der det vart det første Topp 10-albumet til McCartney sidan Tug of War.[22] Flaming Pie selde 121 000 eksemplar den første veka i USA og nådde andreplassen der òg, igjen bak Spice Girls.[21][23]
Albumet selde til gullplate i Storbritannia, USA og Noreg.[24] I følgje Nielsen SoundScan hadde albumet seld over 1,5 millionar eksemplar verda over i juni 2007.[25] Singlane «Young Boy», «The World Tonight» og «Beautiful Night» vart alle hittar i Storbritannia og nådde Top 40 på singelista. Den einaste singelen frå albumet i USA var «The World Tonight»,[26] som kom ut 17. april 1997,[1] og nådde Topp 30 på Billboard mainstream rock-lista.[27] For å marknadsføre albumet heldt McCartney ein nettprat på nettet, og hendinga gjekk inn i Guinness rekordbok for flest folk i eit samtalerom på nettet samstundes.[28]
In the World Tonight var ein film om korleis albumet vart laga, og vart send på britiske ITV og amerikanske VH1 då albumet kom ut.[21] Albumet vart nominert til Grammyprisen for årets album, men tapte for Bob Dylan sitt Time Out of Mind.[29]
Alle songar er skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Song We Were synging» | 3:55 |
2. | «The World Tonight» | 4:06 |
3. | «If You Wanna» | 4:38 |
4. | «Somedays» | 4:15 |
5. | «Young Boy» | 3:54 |
6. | «Calico Skies» | 2:32 |
7. | «Flaming Pie» | 2:30 |
8. | «Heaven on a Sunday» | 4:27 |
9. | «Used to Be Bad» (duett med Steve Miller, skriven av Miller og McCartney) | 4:12 |
10. | «Souvenir» | 3:41 |
11. | «Little Willow» | 2:58 |
12. | «Really Love You» (McCartney, Richard Starkey) | 5:18 |
13. | «Beautiful Night» | 5:09 |
14. | «Great Day» | 2:09 |
Personell per CD-heftet.[30]
|
|
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
|url=
value (hjelp). oricon.co.jp. Oricon Style. Henta 23. mai 2018.
Paul «Wix» Wickens · Rusty Anderson · Brian Ray · Abe Laboriel Jr.
Linda McCartney · Hamish Stuart · Robbie McIntosh · Chris Whitten · Blair Cunningham | |
Studioalbum | McCartney · Ram (med Linda McCartney) · McCartney II · Tug of War · Pipes of Peace · Give My Regards to Broad Street · Press to Play · Снова в СССР · Flowers in the Dirt · Off the Ground · Flaming Pie · Run Devil Run · Driving Rain · Chaos and Creation in the Backyard · Memory Almost Full · Kisses on the Bottom · New |
Studioalbum med Wings | |
Klassiske album | The Family Way · Thrillington · Paul McCartney's Liverpool Oratorio · Standing Stone · Working Classical · Ecce Cor Meum · Ocean's Kingdom |
Electronica-album | Strawberries Oceans Ships Forest (The Fireman) · Rushes (The Fireman) · Liverpool Sound Collage · Twin Freaks · Electric Arguments (The Fireman) |
Konsertalbum | Wings over America · Tripping the Live Fantastic · Unplugged (The Official Bootleg) · Paul Is Live · Back in the U.S. · Back in the World Live · Amoeba's Secret · Good Evening New York City · Live in Los Angeles · iTunes Live from Capitol Studios |
Samlealbum | Wings Greatest · Cold Cuts (unreleased) · All the Best! · The Paul McCartney Collection · Costello Album (bootleg) · Wingspan: Hits and History · Pure McCartney |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songar · Paul is dead · «Lisa the Vegetarian» · The Quarrymen · The Beatles · Wings · Heather Mills |