McCartney II er det andre soloalbumet til Paul McCartney, gjeve ut 16. mai 1980. Det vart hovudsakleg spelt inn av McCartney aleine i heimestudioet hans i 1979, kort tid før bandet hans, Wings, vart oppløyst i 1981. Albumet er musikalsk ganske så annleis det McCartney hadde laga før, og det vert nytta mykje synthesizer og eksperimentering i studio, medan musikkstilen varierer frå synth-pop og new wave til electronica. Albumet har blitt ein kultfavoritt.[16]
McCartney II kom ut i midten av mai 1980 og fekk stort sett negativ omtale. Det gjekk likevel til topps på albumlista i Storbritannia, den første førsteplassen til McCartney der sidan Venus and Mars i 1975.[17] Den andre singelen frå albumet, «Waterfalls», vart òg ein suksess i Storbritannia og nådde niandeplassen på singellista.[17] I USA nådde singelen «Coming Up» og albumet tredjeplassen på Billboard-lista.[18] «Waterfalls» nådde berre 106. plassen i USA.
I 2003 kåra Mojo plasserte albumet på 26. plassen på lista si over dei 50 beste eksentriske albuma.[19]
I 2011 kom albumet ut på Hear Music/Concord Music Group i fleire forskjellige format:[20]
Standardutgåve 1-CD; det originale albumet
Spesialutgåve 2-CD; det originale albumet, pluss åtte bonusspor på den andre plata[21]
Luksusutgåve 3-CD/1-DVD; same som spesialutgåva, men med ei bok på 128 sider med fotografi tekne av Linda McCartney. DVD-en inneheld sjeldne og tidlegare ikkje utgjeven videoklipp.[22]
Nymastra vinyl 2-LP med innhaldet frå spesialutgåva og ei nedlastinglenkje for å laste ned alt innhaldet[23]
Bonusplater (spesial- og luksusutgåvene)
Plate 2 – Bonus Audio 1
«Blue Sway» (with Richard Niles Orchestration) – 4:35
Ikkje tidlegare utgjeve
«Coming Up» (Live at the Apollo Theatre, Glasgow – 17. desember 1979) – 4:08
«Check My Machine» (Regular Single B-side Edited Version) – 5:50
↑Fine, Marshall «McCartney shames self with solo effort» San Bernardino County Sun (Gannett News Service) 22. juni 1980: 44
↑Hilburn, Robert. «McCartney's One-Man Show» Los Angeles Times 7. juni 1980: C5
↑Holden, Stephen (24. juli 1980). «Paul McCartney hits new low — again». Rolling Stone (New York, New York: Straight Arrow Publishers Inc.). Arkivert frå originalen 1. desember 2016. Henta 21. mai 2018.
↑Starr, Red. «Albums». Smash Hits (29. mai – 11. juni 1980): 30.
↑Sutcliffe, Phil. «Paul McCartney: McCartney II» Sounds 17. mai 1980
Wings over America ·Tripping the Live Fantastic ·Unplugged (The Official Bootleg) ·Paul Is Live ·Back in the U.S. ·Back in the World Live ·Amoeba's Secret ·Good Evening New York City ·Live in Los Angeles ·iTunes Live from Capitol Studios
Samlealbum
Wings Greatest ·Cold Cuts (unreleased) ·All the Best! ·The Paul McCartney Collection ·Costello Album (bootleg) ·Wingspan: Hits and History ·Pure McCartney