Strawberries Oceans Ships Forest Studioalbum av The Fireman | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. november 1993 | |
Innspelt | 1978, 1992 | |
Sjanger | Ambient techno, elektronisk, EDM | |
Lengd | 76:40 | |
Selskap | Parlophone (Storbritannia) Capitol (USA) | |
Produsent | The Fireman | |
The Fireman-kronologi | ||
---|---|---|
Strawberries Oceans Ships Forest | Rushes (1998) | |
Paul McCartney-kronologi | ||
Paul Is Live (1993) |
Strawberries Oceans Ships Forest | Flaming Pie (1997) |
Singlar frå Strawberries Oceans Ships Forest | ||
|
Strawberries Oceans Ships Forest er eit ambient techno-album frå 1993 av The Fireman, ein duo som består av Paul McCartney og produsenten Youth, mest kjend som medlem av Killing Joke og The Orb.
Albumet bestå av samplingar frå songar av McCartney, hovudsakleg frå innspelinga av Off the Ground,[1][2] og samplingar frå «Reception» og «The Broadcast» frå Wings-albumet Back to the Egg i 1979,[3] remiksa av Youth. Verken McCartney eller Youth er omtalte på albumet. Rykte om at det var McCartney som stod bak vart etter kvart stadfesta av EMI.
Prosjktet byrja då McCartney bad Youth om mikse fleire songar frå McCartney-albumet Off the Ground[2] for å kanskje brukast på 12"-singlar.[3] McCartney sa «Eg sa eg ønskte at han berre skulle bruke ting frå våre innspelingar, fordi dance-miksar ofte har ein sample av ei basstromme eller ei skarpetromme frå ein James Brown-song, og på grunn av det høyrest alt litt likt ut. Så eg sa til Youth at eg helst ønskte at han berre tok ting frå våre innspelingar, hovudsakleg Off the Ground.»
Youth sa «Eg syns ikkje det høvde seg å mikse songane på Off the Ground på den måten eg hadde fått beskjed om. Eg tenkte det heller burde vere ei meir heilskapleg greie - altså, at i staden for å remikse ein song, så tenkte eg å dekonstruere albumet til samplingar og så bygge nye miksar frå desse. Og Paul likte ideen. Han var med på det, gå eg gjekk for det.»
Etter kvart valde McCartney å bli med Youth i studio for å skape ny musikk oppå dei eksisterande samplingane, og det heile vart meir eit samarbeidsprosjekt. Sjølv om det opphavleg var teknt som ei rekkje 12"-miksar, likte McCartney så godt resultatet at det vart eit heilt album av prosjektet.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [4] |
Q | [5] |
Robert Christgau | [6] |
Entertainment Weekly | C+[7] |
Rolling Stone | [8] |
Encyclopedia of Popular Music | [9] |
Strawberries Oceans Ships Forest kom ut i Storbritannia 15. november 1993,[3] og i USA 14. februar 1994.[10] «Transpiritual Stomp» kom ut på 12"-singel med «Arizona Light Mix» som B-side.[11]
Alle songar er skrivne av The Fireman..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Transpiritual Stomp» | 9:01 |
2. | «Trans Lunar Rising» | 9:09 |
3. | «Transcrystaline» | 8:39 |
4. | «Pure Trance» | 8:40 |
5. | «Arizona Light» | 8:39 |
6. | «Celtic Stomp» | 8:34 |
7. | «Strawberries Oceans Ships Forest» | 8:07 |
8. | «4 4 4» | 7:35 |
9. | «Sunrise Mix» | 8:16 |
Paul «Wix» Wickens · Rusty Anderson · Brian Ray · Abe Laboriel Jr.
Linda McCartney · Hamish Stuart · Robbie McIntosh · Chris Whitten · Blair Cunningham | |
Studioalbum | McCartney · Ram (med Linda McCartney) · McCartney II · Tug of War · Pipes of Peace · Give My Regards to Broad Street · Press to Play · Снова в СССР · Flowers in the Dirt · Off the Ground · Flaming Pie · Run Devil Run · Driving Rain · Chaos and Creation in the Backyard · Memory Almost Full · Kisses on the Bottom · New |
Studioalbum med Wings | |
Klassiske album | The Family Way · Thrillington · Paul McCartney's Liverpool Oratorio · Standing Stone · Working Classical · Ecce Cor Meum · Ocean's Kingdom |
Electronica-album | Strawberries Oceans Ships Forest (The Fireman) · Rushes (The Fireman) · Liverpool Sound Collage · Twin Freaks · Electric Arguments (The Fireman) |
Konsertalbum | Wings over America · Tripping the Live Fantastic · Unplugged (The Official Bootleg) · Paul Is Live · Back in the U.S. · Back in the World Live · Amoeba's Secret · Good Evening New York City · Live in Los Angeles · iTunes Live from Capitol Studios |
Samlealbum | Wings Greatest · Cold Cuts (unreleased) · All the Best! · The Paul McCartney Collection · Costello Album (bootleg) · Wingspan: Hits and History · Pure McCartney |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songar · Paul is dead · «Lisa the Vegetarian» · The Quarrymen · The Beatles · Wings · Heather Mills |