McCartney Studioalbum av Paul McCartney | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. april 1970 | |
Innspelt | Desember 1969–februar 1970 | |
Studio | Heime hos McCartney i St John's Wood; Morgan Studios i Willesden; Abbey Road Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:03 | |
Selskap | Apple | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
McCartney | Ram (1971)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B[2] |
Consequence of Sound (reissue) | B[3] |
Encyclopedia of Popular Music | [4] |
The Essential Rock Discography | 6/10[5] |
MusicHound | 3.5/5[6] |
Pitchfork Media (reissue) | 7.9/10[7] |
Record Collector | [8] |
The Rolling Stone Album Guide | [9] |
McCartney er det første soloalbumet til den engelske rockeartisten Paul McCartney. Det vart gjeve ut på Apple Records i april 1970 etter McCartney hadde motstått forsøk frå bandkollegaene sine i The Beatles om å utsette utgjevinga til etter dei tidlegare planlagde utgjevingane på Apple, mellom anna The Beatles sitt Let It Be. McCartney spelte inn albumet sitt i ei tid med depresjon og forvirring etter at John Lennon i september 1969 fortalte bandet at han ville slutte i Beatles, og konflikten internt i bandet vart verre då McCartney gav ut dette albumet. Ei pressemelding i form av eit sjølv-intervju, i lag med eksemplar av McCartney, førte til kunngjeringa om at The Beatles var oppløyst den 10. april 1970.
McCartney spelte inn albumet i løyndom, og brukte enkelt heimeopptaksutstyr i huset sitt i St John's Wood. Miksing og nokre seinare innspelingar fann stad i profesjonelle studio i London, som McCartney leigde under eit alias for å halde seg anonym. Utanom enkelte bidrag frå kona si, Linda, spelte han inn heile albumet på eiga hand, og spelte alle instrumenta sjølv. Med laust arrangerte songar i staden for ein polert produksjon, var McCartney eit døme på å gå attende til det enkle, på liknande måte som Let It Be-innspelinga hadde vore i 1969.
Då albumet kom ut fekk det negative meldingar frå dei fleste kritikarane, delvis fordi albumet førte til at Beatles offisielt vart oppløyst. Mange skribentar kritiserte at McCartney hadde teke med halvferdige songar og instrumentale stykke, sjølv om kjærleikssongen «Maybe I'm Amazed» vart utpeikt som ein bra song. Publisiteten som albumet fekk i samband med oppløysinga til The Beatles gjorde at det selde godt, og det låg tre veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista og nådde andreplassen i Storbritannia. I juni 2011 vart albumet gjeve ut på ny som ein del av Paul McCartney Archive Collection.
Alle songar er skrivne av Paul McCartney.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Lovely Linda» | 0:43 |
2. | «That Would Be Something» | 2:38 |
3. | «Valentine Day» | 1:39 |
4. | «Every Night» | 2:31 |
5. | «Hot as Sun/Glasses» | 2:05 |
6. | «Junk» | 1:54 |
7. | «Man We Was Lonely» | 2:56 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Oo You» | 2:48 |
9. | «Momma Miss America» | 4:04 |
10. | «Teddy Boy» | 2:22 |
11. | «Singalong Junk» | 2:34 |
12. | «Maybe I'm Amazed» | 3:53 |
13. | «Kreen - Akore» | 4:15 |
I juni 2011 kom McCartney ut i fleire utgåver:
Ingen av spora var gjevne ut før.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Suicide» | 2:48 |
2. | «Maybe I'm Amazed» (frå One Hand Clapping, 1974, med Wings) | 4:53 |
3. | «Every Night» (konsertopptak frå Glasgow, 1979, med Wings) | 4:30 |
4. | «Hot as Sun» (konsertopptak frå Glasgow, 1979, med Wings) | 2:27 |
5. | «Maybe I'm Amazed» | 5:11 |
6. | «Don't Cry Baby» | 3:07 |
7. | «Women Kind» (demo - mono) | 2:09 |
Vekeslister
|
|
Årslister
|
Salstrofé
|
|url=
value (hjelp). oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 17. mai 2018.
Paul «Wix» Wickens · Rusty Anderson · Brian Ray · Abe Laboriel Jr.
Linda McCartney · Hamish Stuart · Robbie McIntosh · Chris Whitten · Blair Cunningham | |
Studioalbum | McCartney · Ram (med Linda McCartney) · McCartney II · Tug of War · Pipes of Peace · Give My Regards to Broad Street · Press to Play · Снова в СССР · Flowers in the Dirt · Off the Ground · Flaming Pie · Run Devil Run · Driving Rain · Chaos and Creation in the Backyard · Memory Almost Full · Kisses on the Bottom · New |
Studioalbum med Wings | |
Klassiske album | The Family Way · Thrillington · Paul McCartney's Liverpool Oratorio · Standing Stone · Working Classical · Ecce Cor Meum · Ocean's Kingdom |
Electronica-album | Strawberries Oceans Ships Forest (The Fireman) · Rushes (The Fireman) · Liverpool Sound Collage · Twin Freaks · Electric Arguments (The Fireman) |
Konsertalbum | Wings over America · Tripping the Live Fantastic · Unplugged (The Official Bootleg) · Paul Is Live · Back in the U.S. · Back in the World Live · Amoeba's Secret · Good Evening New York City · Live in Los Angeles · iTunes Live from Capitol Studios |
Samlealbum | Wings Greatest · Cold Cuts (unreleased) · All the Best! · The Paul McCartney Collection · Costello Album (bootleg) · Wingspan: Hits and History · Pure McCartney |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songar · Paul is dead · «Lisa the Vegetarian» · The Quarrymen · The Beatles · Wings · Heather Mills |