Thrillington Studioalbum av Paul McCartney | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. april 1977 (Storbritannia) 17. mai 1977 (USA) | |
Innspelt | Juni 1971 | |
Studio | Abbey Road Studios, London | |
Sjanger | Easy listening, jazz | |
Lengd | 44:50 | |
Selskap | Regal Zonophone (Storbritannia) Capitol (USA) | |
Produsent | Percy «Thrills» Thrillington | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
Wings over America (1976) |
Thrillington | London Town (1978)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
MusicHound | 2/5[2] |
Rolling Stone | unfavourable [3] |
Thrillington er eit album frå 1977 av Paul McCartney, under pseudonymet Percy «Thrills» Thrillington. Heile albumet består av instrumentale versjonar av songane frå Paul og Linda McCartney sitt album Ram frå 1971.
Albumet vart spelt inn i juni 1971 - med McCartney som produsent - og var meint å kome ut kort tid etter. Arrangøren Richard Anthony Hewson vart spurt om å orkestrere albumet før Ram hadde kome ut.[4] Då Paul og Linda valde å skipe Wings, vart albumet lagt på hylla.
I førebuinga av Thrillington, fann McCartney opp Percy Thrillington, og laga annonsar i forskjellige musikktidsskrift i Storbritannia for å skape blest rundt Thrillington.
Albumet kom ut i april 1977 og namnet til McCartney vart berre nemnt i omslaget som ein ven av Percy. Thrillington gjekk stort sett under radaren då det kom ut, men fekk ei melding i magasinet Rolling Stone.[5] Det vart raskt kjend at det var McCartney som arbeidde under eit pseudonym og albumet vart eit samlarobjekt. McCartney innrømde rolla si for journalisten Peter Palmiere på ein pressekonferanse i Los Angeles den 27. november 1989 under verdsturneen hans.
Alle songar er skrivne av Paul og Linda McCartney, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Too Many People» | Paul McCartney | 4:31 |
2. | «3 Legs» | Paul McCartney | 3:41 |
3. | «Ram On» | Paul McCartney | 2:49 |
4. | «Dear Boy» | 2:50 | |
5. | «Uncle Albert/Admiral Halsey» | 4:56 | |
6. | «Smile Away» | Paul McCartney | 4:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Heart of the Country» | 2:27 | |
8. | «Monkberry Moon Delight» | 4:36 | |
9. | «Eat at Home» | 3:28 | |
10. | «Long Haired Lady» | 5:44 | |
11. | «The Back Seat of My Car» | Paul McCartney | 4:51 |