Снова в СССР Studioalbum av Paul McCartney | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. oktober 1988 | |
Innspelt | 20–21. juli 1987 | |
Studio | Hog Hill i Sussex | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 47:54 | |
Selskap | Melodija (Μелодия) | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
All the Best! (1987) |
Снова в СССР | Flowers in the Dirt (1989)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
The Essential Rock Diskografi | 4/10[3] |
MusicHound | [4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Снова в СССР (transkribert Snova v SSSR, som tyder Attende i USSR igjen); òg kjend som The Russian Album) er det sjuande studioalbumet til Paul McCartney under hans eige namn, opphavleg gjeve ut i 1988 i Sovjetunionen. Albumet består berre av coverversjonar, hovudsakleg gamle rock and roll-songar (liknande John Lennon sitt Rock 'n' Roll frå 1975). Med ein ekstra song i tillegg kom det ut internasjonalt i 1991.
Etter den dårlege mottakinga av det førre albumet hans, Press to Play i 1986, brukte McCartney det første halve året av 1987 på å planleggje det nye albumet sitt. I mars spelte han inn nok songar til eit album med produsenten Phil Ramone, men dette resulterte berre i singelen «Once Upon a Long Ago» med B-sida «Back on My Feet», som berre kom ut i Storbritannia i november det året.[6]
Etter ei rekkje jammar med forskjellige britiske musikarar, der dei spelte somme av favorittsongane hans frå 1950-åra, valde McCartney å spele desse songane live i studio. I løpet av to dagar i juli 1987, spelte McCartney inn tjue songar.[7]
Andre songar som vart spelte inn desse dagane, men som ikkje kom med på Melodija-albumet var «I'm in Love Again» (som kom på den seinare internasjonale utgåva) og «I Wanna Cry» (ein original song) som vart B-sida til McCartney-singelen «This One» i 1989, i tillegg til «It's Now or Never» på New Musical Express-albumet The Last Temptation of Elvis i 1990.[8] Ein versjon av Beatles-songen «I Saw Her Standing There» vart òg spelt inn men ikkje gjeven ut.[9]
Tittelen «Снова в СССР» er russisk for «Back in the U.S.S.R.», namnet på ein Beatles-song frå 1968.[10] Albumet er òg blitt kalla Back in the USSR og Russian Album.[10]
Plateomslaget vart designa av Michael Ross.[11] Den russiske utgåva inneheld notat skrivne av Roy Carr frå New Musical Express, omsett til russisk.[8]
Albumet kom ut i Sovjetunionen den 31. oktober 1988. Det første opplaget med 11 songar på 50 000 eksemplar vart raskt utseld. Ei ny utgåve med fleire songar kom ein månad seinare.
Kort tid etter utgjevinga byrja albumet å dukke opp for sal utafor Sovjetunionen til prisar frå 100 til 250 amerikanske dollar i USA og opp til 500 pund i Storbritannia.[7] Albumet vart omsider gjeve ut internasjonalt i 1991 og nådde då 63. plassen i Storbritannia og 109. plassen i USA. Tittelen vart då feilskrive СНОВА Б СССР (Б er i det kyrilliske alfabetet ein B i det latinske alfabetet, medan ein B er ein V).
Sjølv om albumet ikkje kom ut på den vestlege marknaden i starten, vart over halvparten av songane gjevne ut som B-sider til singlar frå 1987 til 1989: «Midnight Special», «Don't Get Around Much Anymore», «Lawdy Miss Clawdy» og «Kansas City» kom ut på forskjellige utgåver av «Once Upon a Long Ago», «I'm Gonna Be a Wheel Someday» og «Ain't That a Shame» på «My Brave Face» og den redigerte versjonen av «I'm in Love Again» på «This One»-singelen.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Kansas City» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 4:02 |
2. | «Twenty Flight Rock» | Eddie Cochran, Ned Fairchild | 3:03 |
3. | «Lawdy, Miss Clawdy» | Lloyd Price | 3:17 |
4. | «Bring It On Home to Me» | Sam Cooke | 3:14 |
5. | «Lucille» | Richard Penniman, Albert Collins | 3:13 |
6. | «Don't Get Around Much Anymore» | Duke Ellington, Bob Russell | 2:51 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «That's All Right Mama» | Arthur Crudup | 3:47 |
8. | «Ain't That a Shame» | Fats Domino, Dave Bartholomew | 3:43 |
9. | «Crackin' Up» | Ellas McDaniel | 3:55 |
10. | «Just Because» | Bob Shelton, Joe Shelton, Sydney Robin | 3:34 |
11. | «Midnight Special» | Traditional; arranged by Paul McCartney | 3:59 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Kansas City» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 4:02 |
2. | «Twenty Flight Rock» | Eddie Cochran, Ned Fairchild | 3:03 |
3. | «Lawdy, Miss Clawdy» | Lloyd Price | 3:17 |
4. | «Bring It On Home to Me» | Sam Cooke | 3:14 |
5. | «Lucille» | Richard Penniman, Albert Collins | 3:13 |
6. | «Don't Get Around Much Anymore» | Duke Ellington, Bob Russell | 2:51 |
7. | «I'm Gonna Be a Wheel Someday» | Fats Domino, Dave Bartholomew, Roy Hayes | 4:12 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «That's All Right (Mama)» | Arthur Crudup | 3:47 |
9. | «Summertime» | George Gershwin, DuBose Heyward, Ira Gershwin | 4:57 |
10. | «Ain't That a Shame» | Fats Domino, Dave Bartholomew | 3:43 |
11. | «Crackin' Up» | Ellas McDaniel | 3:55 |
12. | «Just Because» | Bob Shelton, Joe Shelton, Sydney Robin | 3:34 |
13. | «Midnight Special» | Trad. arr. Paul McCartney | 3:59 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Kansas City» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 4:02 |
2. | «Twenty Flight Rock» | Eddie Cochran, Ned Fairchild | 3:03 |
3. | «Lawdy, Miss Clawdy» | Lloyd Price | 3:17 |
4. | «I'm in Love Again» (Bonusspor på den internasjonale i 1991) | Fats Domino, Dave Bartholomew | 2:58 |
5. | «Bring It On Home to Me» | Sam Cooke | 3:14 |
6. | «Lucille» | Richard Penniman, Albert Collins | 3:13 |
7. | «Don't Get Around Much Anymore» | Duke Ellington, Bob Russell | 2:51 |
8. | «I'm Gonna Be a Wheel Someday» | Fats Domino, Dave Bartholomew, Roy Hayes | 4:12 |
9. | «That's All Right Mama» | Arthur Crudup | 3:47 |
10. | «Summertime» | George Gershwin, DuBose Heyward, Ira Gershwin | 4:57 |
11. | «Ain't That a Shame» | Fats Domino, Dave Bartholomew | 3:43 |
12. | «Crackin' Up» | Ellas McDaniel | 3:55 |
13. | «Just Because» | Bob Shelton, Joe Shelton, Sydney Robin | 3:34 |
14. | «Midnight Special» | Trad. arr. av Paul McCartney | 3:59 |
År | Land | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1991 | Japan | Oricon-lista (Topp 100)[12] | 48 |
Storbritannia | UK Albums Chart (Topp 75)[13] | 63 | |
USA | The Billboard 200[14] | 109 |
Paul «Wix» Wickens · Rusty Anderson · Brian Ray · Abe Laboriel Jr.
Linda McCartney · Hamish Stuart · Robbie McIntosh · Chris Whitten · Blair Cunningham | |
Studioalbum | McCartney · Ram (med Linda McCartney) · McCartney II · Tug of War · Pipes of Peace · Give My Regards to Broad Street · Press to Play · Снова в СССР · Flowers in the Dirt · Off the Ground · Flaming Pie · Run Devil Run · Driving Rain · Chaos and Creation in the Backyard · Memory Almost Full · Kisses on the Bottom · New |
Studioalbum med Wings | |
Klassiske album | The Family Way · Thrillington · Paul McCartney's Liverpool Oratorio · Standing Stone · Working Classical · Ecce Cor Meum · Ocean's Kingdom |
Electronica-album | Strawberries Oceans Ships Forest (The Fireman) · Rushes (The Fireman) · Liverpool Sound Collage · Twin Freaks · Electric Arguments (The Fireman) |
Konsertalbum | Wings over America · Tripping the Live Fantastic · Unplugged (The Official Bootleg) · Paul Is Live · Back in the U.S. · Back in the World Live · Amoeba's Secret · Good Evening New York City · Live in Los Angeles · iTunes Live from Capitol Studios |
Samlealbum | Wings Greatest · Cold Cuts (unreleased) · All the Best! · The Paul McCartney Collection · Costello Album (bootleg) · Wingspan: Hits and History · Pure McCartney |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Songar · Paul is dead · «Lisa the Vegetarian» · The Quarrymen · The Beatles · Wings · Heather Mills |