The Waiting Singel av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Hard Promises | ||
B-side |
Nightwatchman | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. april 1981 | |
Innspelt | Tidleg 1981 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:01 | |
Selskap | Backstreet | |
Låtskrivar(ar) | Tom Petty | |
Produsent | Tom Petty, Jimmy Iovine | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
«Here Comes My Girl» (1980) |
The Waiting | «A Woman in Love (It's Not Me)» (1981)
|
«The Waiting» er ein song av Tom Petty and the Heartbreakers og den første singelen frå albumet Hard Promises i 1981. Songen nådde 19. plassen på Billboard Hot 100 og toppen av den nye Rock Tracks-lista til magasinet, der han låg seks veker på rad.[1]
Songen vart nytta i ein episode av The Simpsons kalla «The Cartridge Family». «The Waiting» vart òg nytta i marknadsføringa av femte sesongen av komiserien The Office.
Petty framførte songen på It's Garry Shandling's Show i 1987.
Liste (1981) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Album Rock Tracks | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 19 |
Canadian RPM Top Singles | 6 |
New Zealand | 27 |