Tommy Tedesco
Fødd3. juli 1930(1930-07-03)
FødestadNiagara Falls
Død10. november 1997 (67 år)
DødsstadNorthridge
FødenamnThomas J. Tedesco
OpphavUSA
SjangerJazz, rock, pop
InstrumentGitar
PlateselskapDiscovery Records
Verka somjazzmusikar, jazzgitarist, gitarist

Thomas J. Tedesco (3. juli 193010. november 1997) var ein USA-amerikansk studiomusikar og jazz- og bebopgitarist.[1]

Tedesco spelte mellom anna på kjenningsmelodien til TV-seriane Bonanza, The Twilight Zone, Vic Mizzy sitt tema frå Green Acres, M*A*S*H, Batman og Elvis Presley's '68 Comeback Special. Tedesco var på skjermen i fleire fjernsynsshow, og spelte gitaristen Tommy Marinucci, eit medlem av Happy Kyne's Mirth-Makers i Fernwood 2 Night.[2]

Tedesco vart av magasinet Guitar Player skildra som den mest innspelte gitaristen i historia og har spelt på tusenvis av innspelingar, fleire av dei hittar.[3] Han har spelt med dei fleste toppmusikarane som arbeidde i Los Angeles-området, som The Beach Boys, The Mamas & the Papas, The Everly Brothers, The Association, Barbra Streisand, Jan and Dean, The 5th Dimension, Elvis Presley, Sam Cooke, Ella Fitzgerald, Frank Zappa, Ricky Nelson, Cher og Nancy og Frank Sinatra, i tillegg til Richard Harris-klassikaren «MacArthur Park». Han spelte på Jack Nitzsche sin «The Lonely Surfer», på Wayne Newton sin versjon av «Danke Schoen», B. Bumble and the Stingers sin «Nut Rocker», The Rip Chords sin «Hey Little Cobra», The Ronettes sin «Be My Baby», The Sandpipers sin «Guantanamera», The T-Bones sin «No Matter What Shape» og Nino Tempo & April Stevens sin versjon av «Deep Purple».

Utvald diskografi

Med Chet Baker

Med Don Ellis

Med Lalo Schifrin

Med Hugh Masekela

Bibliografi

Kjelder

  1. Huey, Steve. «Biography of Tommy Tedesco». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 9. november 2016. 
  2. «Tommy Tedesco; Preeminent Studio Guitarist». Los Angeles Times. 12 November 1997. 
  3. «Tommy Tedesco Profile». Space Age Pop Music. Henta 9. november 2016. 
  4. «Gloria: Colourful, complex action/drama score from Conti: A review by James Southall». Movie-Wave. 2006. Henta 1 desember 2015. 

Bakgrunnsstoff