Trevi-fontena

ArkitektNicola Salvi, Giuseppe Pannini
StilBarokkarkitektur
Kart
Trevi-fontena
41°54′03″N 12°28′59″E / 41.900875°N 12.483166666667°E / 41.900875; 12.483166666667

Fontana di Trevi, betre kjent som Trevi-fontena, ligg i sentrum av Roma og er ei av dei best kjende fontenene i verda. Den store marmorfiguren framstiller titanen Okeanos, som rir med hestane sine gjennom vassmassane som strøymer ut av fontena.

Konstruksjon

[endre | endre wikiteksten]

Fontena blei byrja i 1732 av Nicola Salvi, som kan ha vore inspirert av nokre av gamle teikningar av Bernini. Den endelege fontena var bygd ferdig i 1762 av Nicola Pannini. Fontena får vatnet sitt frå ei kjelde kalla Acqua Vergine-akvedukten. Kjelda blei oppført av Agrippa i år 19 f.Kr., og blei restaurert av pave Nikolas V i 1453. Det sentrale verket er utført av bilethoggaren Pietro Bracci, medan Filippo della Valle laga figurane i nisjane på kvar side.[1]

Hovudfiguren er flankert av to kvinner: Gudinna for overflod som auser av overflodshornet sitt, og gudinna for helse med ei krukke som er omslynga av ein slange. Nisjane over viser historia om Agrippa som undersøkjer kjelda funnen av jomfrua, med namn etter henne: Acqua vergine tyder ‘jomfruvatn’. Vatnet spring stadig fritt frå eit utspring inst til høgre i fontene-arrangementet, og tidlegare kunne ein sjå eldre menneske med spann som henta vatn derfrå til eigen bruk. Dette vatnet blei rekna som det ekte «jomfruelige vatnet» fordi det ikkje hadde gått gjennom røyrsystema til husa. Vegen som endar ved fontena heiter Via del Lavatore (‘Vaskarvegen’), for her ved vassposten budde embetsmannen som hadde ansvar for reinhaldet av Quirinalpalasset der paven budde då.[2]

Turisme

[endre | endre wikiteksten]

Mange turistar kastar myntar i fontena, då eit gammalt rykte seier, at ein kjem tilbake til byen ein dag om ein kastar ein mynt over skuldra si og ned i fontena. Dette tek inn over 1 million kroner kvart år, som går til Caritas og Raudekrossen. Trevi-fontena er det mest besøkte monumentet i Roma.

Panorama av Trevi-fontena

Trevi-fontena i kunsten

[endre | endre wikiteksten]

Trevi-fontena er del av fleire filmar. Mest kjend er nok Federico Fellini sin film Det søte liv frå 1960, der Anita Ekberg hoppar i bassenget i ein av dei mest kjende scenene i filmen. I tillegg opptrer fontena i Roman Holiday frå 1953 av William Wyler, der prinsessa, spela av Audrey Hepburn, får håret sitt klippa hjå ein frisør med utsyn mot Trevi-fontena. Han opptrer òg på staden der Lizzie og Paolo møter kvarandre for fyrste gang i Hilary-Duff-filmen Lizzie McGuire The Movie.

Galleri

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «About Rome: Fountains of Rome», www.aboutroma.com (på engelsk), henta 15. juli 2024 
  2. Jan E. Hansen: Roma (s. 346-51), forlaget Press, Oslo 2009, ISBN 978-82-7547-319-4